Krev nullvekst for lokaltrafikk i Fjell i byvekstavtale

Teljepunkta for nullvekst i personbiltrafikken vil ikkje gjelda lokaltrafikk mellom Straume og bygdene i Sund og Øygarden. Lokaltrafikken i Fjell vil derimot verta omfatta av kravet.

Kravet til nullvekst i personbiltrafikken vil gjelda for lokaltrafikk i Fjell, men ikkje for trafikk til det som i dag er Sund og Øygarden, framkjem det av Samferdselsdepartementet sitt forslag til retningsliner.

Fjell er ein av dei kommunane som no er i forhandlingar med Bergen, Hordland fylkeskommune og Staten om å koma inn i ein utvida byvekstavtale for Bergensområdet. Vert utvidinga ein realitet, vil Sund og Øygarden koma inn i byvekstavtalen ved kommunesamanslåinga i 2020.

Distriktspreg
-Nye kommunar som kjem inn har eit langt tydelegare distriktspreg. Vi må derfor ha fleksible løysingar slik at ikkje desse distriktsområda, som i praksis ikkje har kollektivtilbod, vert ein stor tapar gjennom byvekstavtalene, skriv samferdselsminister Jon Georg Dale i eit brev til Vegdirektoratet.

-Areala som utgjer dagens kommunar Øygarden, Sund, Radøy, Meland og Fusa skal ikkje omfattast av nullvekstmålet når avtaleområdet vert utvida frå 2020, skriv departementet i retningslinene for korleis kravet om nullvekst i personbiltrafikken i områda kring dei store byane skal handterast i samband med dei føreståande kommunesamanslåingane.
Distrikt og «distrikt»
Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (A) i Fjell er ei av dei som lenge har etterlyst svar på kvar målepunkta for nullveksten skal plasserast. No har ho fått svar i brevet frå samferdselsministeren til Vegdirektoratet.
Den distriktsvenlege profilen til trass. Departementet vil skilla mellom lokaltrafikk til bygdene i Fjell, og trafikk over dei noverande kommunegrensene:
-I praksis betyr dette at sjølv om dei nye kommunane vert innlemma i sjølve avtaleområdet, vil dei geografiske
grensene til Bergen, Lindås, Os, Fjell og Askøy utgjera grensene nullvekst vert målt innanfor, skriv Dale.
Innanfor grensene for byvekstavtalene skal all vekst i persontransporten skje med kollektiv, sykkel eller gange.
Ikkje telja lokaltrafikk
– Teljepunkt for trafikken bør ikkje plasserast der dei openbart i stor grad vil fanga opp lokaltrafikk i område som knyt lokale sentrum eller tettstader saman med område med spreidd busetnad, skriv samferdselsministeren.
Han får støtte av kommunal og moderniseringsminister Monica Mæland:
-Byvekstavtalene vil etter 2020 koma til å omfatte kommunar som har viktige regionale sentra, men som også har store område med liten busetnad. Vi legg derfor til grunn at dagens spreiddbygde randkommunar, som blir ein del av avtaleområda frå 2020, som hovudregel ikkje skal omfattast av nullvekstmålet, skriv kommunal- og moderniseringsministeren.

 

 

 

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.