Kommentar: Når bøndene tek VM-gull

Ostegården og Jørn Hafslund frå Fana har denne helga teke VM- gull med sin eigenproduserte Fanaost. Made in Bergen. Av mjølk frå frittgåande Fanakyr.

Jørn Hafslund frå Ostegården og Fana hevar gulltrofeet frå Oste-VM 2018. Foto: Hanen.

-Heilt sprøtt, seier VM-vinnaren sjølv, ifølgje Aftenposten.

Eksklusive ostar var for berre nokre få år tilbake noko vi nordmenn helst skulle importera frå Frankrike, eller Italia, eller eit anna EU-land. Kvalitetsost var ikkje noko vi kunne produsera sjølv. Ikkje her i steinrøysa. Tollbarrierane måtte rivast!

Sprøtt! Ja! I Bergensområdet står landbruk og bondeyrket ikkje særleg høgt i kurs. Har i grunnen aldri gjort det. Å vera bonde i offshoreland har absolutt ikkje gjeve status. I staden for å nytta odelsjorda til å produsera mat, står grunneigarane mange stadar nærast i kø for å byggja ned odelsjorda.

At nokon skulle finna på å raffinera mjølka Bergens-bøndene produserer til VM-vinnande ost, var for eit tiår sidan nærast for utopi å rekna, også i heimlandet til Jarlsberg- og Norvegia.

Les: Full meny frå vest

VM-medaljen er ikkje berre Ostegarden og Jørn Hafslund si forteneste. Hafslund har sett potensialet i eit unikt norsk landbruksprodukt. Mjølka dei lokale bøndene våre produserer duger. Med smak for kvalitet og pågangsmot, ikkje minst, har han forvandla mjølka frå utryddingstruga Fanakyra til ost i verdsklasse.

Kortreist mat har fått auka status dei seinare åra. Stadig fleire daglegvarebutikkar tilbyr ein stadig breiare meny av lokalproduserte delikatesser, også ost. Dagens ungar har knapt sett ei levande ku. Oppvaksne mellom blokker og kjøpesentre er det trist, men på ein måte forståeleg, dersom dei kjem til å veksa opp med den realitetsbristen at mat er noko som lagar seg sjølv i kjølediskane i daglegvarebutikkane.

Er det ikkje snart på tide at vi styrkar den mentale koplinga mellom den maten vi etterspør og dei som produserer han? Erkjenner at nedvurderte strilabønder eigentleg er sterkt undervurderte?

Jørn Hafslund har vist at bøndene i Bergensområdet fortenar ei statusheving.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.