Lita merksemd på bærekraft i havet

Svært få verksemder i havlandet Norge er opptekne av å talfesta sin eigen påverknad på livet i havet, eller kor risikoutsette dei er for endringar i marine økosystem.

Norske verksemder veit lite om korleis dei påverkar økosystema i havet – eller korleis endringar i økosystema vil påverka deira eiga lønsemd. (Arkivfoto: Fisheries Forum.)

FN sine bærekraftmål får i aukande grad merksemd i næringsliv og politikk. Av dei 100 største norske verksemdene er det 52 som har definert konkrete mål for bærekraft på eitt eller fleire av dei 17 områda, ifølgje revisjonsverksemda PwC.

Særleg børsnoterte verksemder er opptekne av å rapportera på bærekraftmåla. Statleg eigde verksemder har og i aukande grad merksemd på temaet.

Klimamål toppar lista over kva bærekraftmål norsk næringsliv er mest opptekne av, ifølgje Magnus Young i PwC.

Livet i havet
Næringslivet i havlandet Norge er samstundes overraskande lite opptekne av vår eigen påverknad på livet i havet.

Les: Havforskar fryktar sur lekse for fiskeri og oppdrett

– Berre tre av dei største verksemdene i Norge rapporterer konkret om sin eigen innverknad på marine økosystem, seier Young.

Men påverknad kan ha fleire sider. Det andre gjer kan i neste omgang ramma oss:
– Kun to verksemder har freista å kvantifisera si eiga risikoeksponering ovanfor ein potensiell endring i tilgangen på havressursar, ifølgje PwC.

Lite konkret
Når det kjem til definisjon av eigne bærekraftmål, kvantifisering av måloppnåing og rapportering har norsk næringsliv lite å skryta av i internasjonal samanhang. Av dei 21 landa som inngår i PwC si undersøking, kjem vi langt nede på lista. Ei liste som vert toppa av Malaysia og Taiwan.

– For å sikra ei heilskapleg satsing på bærekraft bør temaet løftast opp på direktørnivå. Måla bør inngå i forretningsstrategien, og måloppnåinga framgå av årsrapporten, seier Young.

Liv og lære
At norsk næringsliv rapporterer på eit eller fleire av bærekraftmåla betyr likevel ikkje nødvendigvis at dei er gode på området. I mange tilfelle er det store forskjellar på liv og lære. Likestilling er døme på eit bærekraftmål der vi er flinke på rapportering, men der måloppnåinga ikkje er særleg å skryta av.

– Når det kjem til norsk næringsliv sin påverknad eller risikoeksponering for endringar havet, kjenner vi ikkje status. Rapporteringa på området er gjerne mangelfull. Ofte begrensar rapporteringa seg til kvalitative ambisjonar, seier Young.

– Å ha ambisjonar hjelper lite dersom verksemda ikkje samstundes definerer kvantifiserbare mål og rapporterer måloppnåing, hevdar Young.

Les: Då silda forsvann

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.