SotraLista stiller

SotraLista stiller med eiga liste til kommunevalet neste haust.

Leiar Svein Bergh i SotraLista (tv) er optimist med tanke på å finna gode kandidatar til lista til kommunevalet neste haust. Her saman med nestleiar Jan Ersland og ordførarkandidat Jan Utkilen. (Arkivfoto.)

Framtida til den politiske bygdalista har fleire gongar hunge i ein tynn tråd. Seinast ved årsmøtet i vår stilte ordførarkandidat Jan Utkilen eit ultimatum for å halda fram i den nye kommunen:

-Vi må klara å henta minst tredelen av dei 45 namna som skal stå på røysteseddelen frå Sund og Øygarden, elles har vi ingen sjanse, hevda Utkilen.

Les: SotraLista sparkar framleis

-Vi har rekruttert nye medlemmar siste tida, både frå Sund og Øygarden, og kjem til å stilla med liste, seier leiar Svein Bergh ovanfor nettavisa Tunnelsyn.no.

-Vi har ikkje sett sluttstrek for rekruttering enno. Framleis er det fleire vi ønskjer å ha med, seier Bergh.

Noko namn ønskjer Bergh ikkje å gå ut med enno. Når partiet kallar inn til årsmøte 4. januar reknar han med at forslaget til valliste er klart.

 

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.