Etterlyser resultat frå Gründerparken Vest

Kva resultat kan Gründerparken Vest visa til etter to års drift?

Egil Håland (A) etterlyser resultata av den toårige kommunale satsinga på Gründerparken Vest.

Det var Egil Håland (A) som stilte spørsmålet då Formannskapet i Fjell i dag drøfta korvidt det lokale etablerertiltaket bør få forlenga den økonomiske støtta frå kommunane i 2019.

Svaret vil politikarane i Fjell få i ei orientering utpå nyåret, lova ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.

Redusert tilskot
I forslaget til sams vedtak i Fjell, Sund og Øygarden vert det føreslege at kvar av  kommunane skal løyva 500.000 kroner til fortsatt drift i 2019.

Forslaget inneber at den samla stønadssummen for 2019 vert 650.000 kroner lågare enn prognosen for årets driftskostnadar.

Sjølvfinansierande driftsmodell
Det er eit vilkår for vidareføringa at driftsmodellen for gründersatsinga skal omarbeidast.

Då saka vart behandla i kommunestyret i Øygarden sist veke etterlyste ordførar Børge Haugetun (TVØ) ein driftsmodell som på sikt vil føra til at gründerparken kan verta sjølvfinansierande, uavhengig av kommunale tilskot.

Fagleg nettverk
Samstundes vert det lagt opp til å etablera eit samarbeid med Bergen Teknologioverføring (BTO), slik at lokale gründerar slepp finna opp hjulet på nytt, men kan dra nytte av eit etablert, sterkt fagleg nettverk.

Kraftig kutt i husleiga
Som eit første steg på vegen mot ein ny driftsmodell vert gründerparken flytta frå lokalet i tilknyting til Sartor Storsenter til Straume Teknologisenter.

Flyttinga vil føra til eit kraftig kutt i husleiga. Dei årlege husleigekostnadane vil verta reduserte med med 550.000 kroner, frå 650.000 til 100.000 kroner, ifølgje sakspapira.

Etterlyser arbeidsplassar
Gründerparken Vest vart oppretta for to år sidan, i håp om at det skulle føra til etablering av nye levedyktige verksemder og nye arbeidsplassar i kommunar som på den tida var hardt ramma av fallet i oljeprisen.

Mangle fagleg forankring
Vedtaket i kommunestyra i 2016 dreide seg houvdsakleg om lokalisering av det nye prosjektet i tilknyting til eit ledig lokale i Sartor Storsenter.

Nettavisa Tunnelsyn var den einaste som på det tilspunktet stilte spørsmål ved det faglege tilbodet til gründarane som skulle delta i prosjektet.

Les: Kommentar: Luftig gründersatsing

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.