Seier «nei» til storstilt steintransport over Sotrabrua

Fjell kommune seier nei til Statens vegvesen sitt framlegg om transport av inntil 71.000 lastebillass med stein over Sotrabrua frå den planlagte utbygginga ved Storavatnet og til Ågotnes.

Sotrasambandet
Stein vil vi få nok av på Sotra når utbygginga av nytt Sotrasamband tek til. Å få enno meir stein tilkøyrt frå Storavatnet over dagens bru vil medføra fleire ulemper enn fordelar, kjem det fram av Fjell kommune sin høyringsuttale til områdereguleringsplan for Storavatnet.

Dette kjem fram av Fjell kommune sin høyringsuttale til områdereguleringsplan for Storavatnet i Bergen i samband med bygginga av nytt Sotrasamband.

Overskotsmassar
Ved Storavatnet vil utbygginga av ny Rv 555 med kollektivterminal generera inntil 71.000 lastebillass med overskotsmasser, hovudsakleg stein.

Les: Stein, stein, stein

Bergen kommune ønskjer ei forsiktig utbygging ved Storavatnet. Ei løysing som vil medføra behov for å transportera mellom 45.000 og 71.000 lastebillass med stein vekk frå området. Stein som ifølgje framlegget skal køyrast over Sotrabrua til CCB på Ågotnes.

Auka køane
I Fjell ser dei berre ulemper med ein slik storstilt massetransport over dagens Sotrabru.

I anleggsperioden som truleg vil vara i minst to år, vil steintransporten føregå over ei strekkje på nærare 20 kilometer frå Storavatnetområdet til Ågotnes. Noko som vil innebera ein auke i talet på tunge køyretøy over Sotrabrua på mellom 250 – 400 bilar i døgnet, ifølgje høyringsframlegget.

-Det er svært uheldig å belasta dagens vegnett ytterlegare sidan vegnettet frå før alt har nådd kapasitetsgrensa. Ein veit at kvar lita endring vil føra til lengre køar, særleg i rushtida, skriv Fjell kommune i høyringsuttalen.

Ekstrakostnad for Sotrasambandet
Stein vil vi få nok av på Sotra som følge av utbygginga av nytt Sotrasamband. Om CCB treng stein, kan dei få han tilkøyrt frå nærare delar av prosjektet.

Sotrasambandet skal finansierast med bompengar. Tiltak som kan medføra ekstra kostnadar bør unngåast, hevdar Fjell kommune.

Den omfattande steintransporten, saman med etableringa av ein fylling på Ågotnes, vil innebera ein meirkostnad på 100 – 150 millionar kroner for Sotrasambandet, har Fjell kommune rekna ut.

CO2-utslepp
Behovet for å få redusert utsleppa av CO2 er eit anna argument mot den omfattande massetransporten til Ågotnes, slik Fjell kommune ser det:

– Massetransporten til Ågotnes vil medføra ein auka i utslepp av CO2 på 4.000 – 5.000 tonn over ein to-årsperiode. Det tilsvarar ein utsleppsauke på 56 – 10 prosent samanlikna med dagens utslepp på strekninga, ifølgje høyringsuttalen.

Alternative løysingar
Statens vegvesen har lansert to framlegg til utnytting av dei store steinmassane som vert til overs i samband med utbygginga. Alternativet til storstilt massetransport over Sotrabrua er å nytta dei store mengdene med overskotsmasse til å laga eit større friområde i Loddefjordområdet, har Statens vegvesen føreslått.

Bystyret får siste ord
Det er bystyret i Bergen som skal vedta den endelege detaljreguleringsplanen for ny Rv555 ved Storavatnet.

Fjell oppfordrar no Bergen kommune om å koma opp med alternative tiltak for å dempa dei uheldige verknadane dette forslaget vil få i Loddefjordområdet.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.