Fregatt med sterk slagside etter kollisjon med tankskip ved Stureterminalen

Dramatisk bergingsaksjon i fjæresteinane i Øygarden etter at fregatten KNM Helge Ingstad i 4-tida i natt kolliderte med  tankskipet TS Sola like utanfor Stureterminalen.

KNM Helge Ingstad ligg no med sterk slagside. Slepet til Haakonsvern er sett på vent. Foto: NRK.

(Saka er oppdatert.)
Sju av mannskapet på 137 ombord i fregatten skal vera skadde, ifølgje NRK.no.

Fregatten tok inn vatn, og skal i ein periode i morgontimana ha vore i ferd med å synka. Heile mannskapet er evakuert.

-Vi er utruleg glade for at skadene på personalet ikkje vart verre, sa Nils Andreas Stensønes under Forsvaret sin pressekonferanse klokka 13.00.

Fregatten har fått skader både over og under vasslinja, og er sett kraftig på grunn for å hindra at det synk. Forsvaret jobbar no med å hindra vidare vassinntrenging.

Forsvaret ønska på pressekonferansen ikkje no å seia noko om korleis dei ser for seg at kollisjonen skjedde. Det overlet dei til Havarikommisjonen. Det som imidlertid er klart, er at KNM Helga Ingstad mista styringsevna etter kollisjonen, ifølgje Stensønes.

Den fullasta tankbåten skal vera uskadd, og ingen av dei 23 ombord skal vera skadde.

Kollisjonen skal ha skjedd like etter at tankbåten med 625.000 liter olje ombord forlot Stureterminalen. TS Sola var under slep då kollisjonen skjedde. Slepebåten skal ikkje ha vore involvert i kollisjonen.

Øygarden Brann og redning er involvert i arbeidet med å hindra at dei store mengdene med diesel ombord i den skadde fregatten lekk ut. Det er relativt vindstille og roleg sjø i området.

Fregatten KNM Helge Ingstad er eitt av Forsvaret sine største og mest moderne prestisjeskip, levert i 2009.

Området rundt Stureterminalen er no sperra av, og området evakuert. Equinor har varsla ein gradvis nedstengning av terminalen.

Du kan følgja redningsaksjonen på Marine Traffic.com. Like nord for Stureterminalen ligg ei gruppe blå fartøy i ei klynge. KNM Helge Ingstad er det største av dei. Eit stykke lenger nord, nordaust for Hernar og vest for Marøy, ligg TS Sola, markert med raudt.

(Saka vert oppdatert.)

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.