Sture- og Kollsnesterminalane er no starta opp att etter produksjonsstansen som vart innført etter havariet av fregatten KNM Helge Ingstad.

(Saka er oppdatert.)
Av omsyn til tryggleiken valde Equinor i føremiddag å føreta ei kontrollert nedstenging av Stureterminalen som ein konsekvens av fregatten KNM Helge Ingstad sitt havari.
Les: Fregatt med sterk slagside etter kollisjon med tankskip ved Stureterminalen.
Nedstenginga av Sture får konsekvensar også for Kollsnesanlegget.
Gjenoppstart
Torsdag ettermiddag vert prosessanlegga på Sture g Kollsnes starta opp att etter nedstengninga, melder Equinor.
Det vil ta noko tid før gasstransporten til Europa er tilbake på full kapasitet, ifølgje operatørselskapet Gassco.
Landanlegga i Øygarden er to av dei største mottaksanlegga for olje, gass og kondensat frå felta i Nordsjøen. Terminalane tek dagleg mot olje, gass og kondensat til ein verdi av fleire 100 millionar kroner.
Les: Vurderte å fjernstyra Martin Linge frå Kollsnes
Nedstegninga av landterminalane i Øygarden får konsekvensar også for dei olje- og gassfelta ute i Nordsjøen som sender produsert olje, gass og kondensat til terminalane i Øygarden.
Fleire av dei største oljefelta i Nordsjøen er no stengt ned, ifølgje DN.no.
Det gjeld mellom anna Oseberg, Troll, Grane, Ivar Aasen og Edvard Grieg.