Roar gemytta i Øygarden FrP

Berre eit knapt halvår etter stiftinga av Nye Øygarden FrP måtte årsmøtet skifta ut fleire av styremedlemmane.

Ordførarkandidat Remi Oen, styremedlem Ingunn Stenehjem og leiar Kristin Børve Jacobsen.

Øygarden FrP er nest største lokallaget i Hordaland, med 205 registrerte medlemmar. Heile 73 av dei har kome til dette året.

– Medlemsauken reflekterer ein nasjonal trend, hevdar Arnt Erik Gangås frå fylkesstyret.

Roleg
I motsetnad til stiftingsmøtet i vår vart det eit roleg årsmøte, utan synleg dramatikk. Med Gangås frå fylkestyret som ordstyrar, gjekk sakene raskt unna. Ingen av dei 34 møtedeltakarane hadde kommentarar, verken til årsmeldinga eller til budsjett.

Les: Lokal FrP-leiar melde seg ut frå talarstolen

Få kvinner
Under tredelen av dei frammøtte var kvinner. FrP er det partiet som på landsbasis har færrast kvinnelege veljarar, og andelen sank frå Stortingsvalet i 2013 til 2017. Den store utfordringa framover vert å få kvinnene til å stemma på FrP sin familiepolitikk, ifølgje Gangås.

Tre nye namn
Den nyvalde leiaren i Øygarden FrP Kristin Børve Jacobsen har teke grep og freista få medlemmane frå Fjell, Sund og Øygarden til å framstå som eitt lag utad. Dramatikk har det likevel tydelegvis vore i kulissene. Berre eit knapt halvår etter stiftinga la valkomiteen fram ei innstilling med tre nye namn.

Mangeårig partimedlem Georg Indrevik fråsa seg vervet som medlemsansvarleg for å kunna ytra seg fritt.

Nestoren Georg Indrevik hadde på førehand sagt frå seg vervet som medlemsansvarleg. Han ønska å kunna ytra seg fritt, ubunden av eit verv som styremedlem i FrP.

I valet på hans etterfølgjar hadde valkomiteen innstilt på Kjetil Hansen. I vår tapte Hansen kampvoteringa om sekretær-vervet. Hansen er ein av dei som har stilt på møtene i lokallaget, og no fekk han ein ny sjanse. Denne gongen vart han vald med ein stemmes overvekt, mot Knut Polden. To stemte blankt.

Stilla på møta
Med så mange nye medlemmar er det ikkje alle som har hatt like mykje tid til å stilla på møta og gjera det styre og medlemmar forventar. Den første kasseraren i Øygarden FrP var ein av dei. Han hadde heller ikkje hatt tid til å føra rekneskapen. Det var det istaden politisk nestleiar Svein Bjørge som hadde måtta gjera. Som ny kasserar vart vald Jimmy Håkonsund utan motkandidat frå salen.

Som ny sekretær vart Alice Katrin Sundal vald, utan motkandidat.

Nedstemte benkeforslag

Leiar Kristin Børve Jacobsen har teke grep for å få Øygarden FrP til å framstå som ein samla organisasjon utad.

Årsmøtet var ikkje i stemning for benkeforslag. Forslaget frå salen om at Trude Farstad burde overta for Vidar Moen som organisatorisk nestleiar vart nedstemt med 17 mot 14 stemmer.

Også benkeforslaget om at Pål Nybø burde gå inn som første vara i staden for Karstein Fjeldstad vart nedstemt, med 19 mot 11 stemmer.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.