Vil spara 15 millonar på steinfylling

Stein er rimelegare enn betong. I Olaviken på Askøy vert ei betongbru erstatta med steinfylling.

30.000 kubikkmeter stein vil gå med til å utbetra fv. 563 med ei fylling i Olaviken. På det djupaste vil fyllinga stikka 17 meter ned. Foto: Geir Brekke/Statens vegvesen.

Politikarane, både på Askøy og i Hordland fylkeskommune, har vedteke at alle dei ti prosjekta i Askøypakken skal gjennomførast, trass budsjettsprekken på 800 millionar kroner. Statens vegvesen og prosjektleiar Cathrine Botnevik snur alle steinar på leit etter mulige innsparingar som kan redusera underskotet.

Les: Manglar 800 millionar til Askøypakken

Å erstatta ei 90 meter lang betongbru med ei steinfylling i Olaviken er eitt av tiltaka som alt er under arbeid, ifølgje ei melding frå Statens vegvesen.

-Vi reknar med å spara kring 15 millionar på denne løysinga, skriv Botnevik i ein epost til nettavisa Tunnelsyn.no.

Fyllinga vil koma kloss i muren mot dagens fylkesveg 563. På det djupaste vil fyllinga stikka 17 meter ned i sjøen. Totalt reknar vegvesenet med at det vil vera behov for å få tilkjørt 30.000 kubikk stein.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.