Lokkar med ein original Weidemann

Det er med god kunst som med god vin. Han vert berre betre med åra, tenkjer dei i Kiwanis. På haustutstillinga dette året har du sjansen til å gje bod på ein original Weidemann.

Jacob Weidemann var ein føregangsperson for det abstrakte maleriet i Norge i tiåra etter andre verdskrigen. Gje bod! Oppfordrar Marit Schmidt Lie og Lars Paul Foldnes.

Jakob Weidemann (1923 – 2001) vert regna som ein av de viktigaste kunstnarane innan norsk modernisme på 1950-talet. Han var en føregangsperson for det abstrakte maleriet i Norge i tiåra etter andre verdskrigen.

I 1995 gav han Kiwanis eit originalt maleri i gåve. No er tida moden for å selja, slik at inntekta kan koma den humanitære organisasjonen sitt arbeid for born og unge til gode.

Gje bod!
Å verdsetja eit slikt verk er vanskeleg. Kunstsamlarar som ønskjer å sikra seg eit verk som utvilsamt vil koma til stiga i verdi, vert difor oppfordra om å gje bod.

– Vi tek mot bod fram til og med stengjetid på laurdag, seier Marit Schmidt Lie og Lars Paul Foldnes som alt har merka ei viss interesse for verket.

Stor breidde
Dei som finn vegen til andre etasje i Sartor Storsenter dei komande dagane kan gleda seg over verk frå 25 kunstnarar, både lokale og nasjonale.

Arrangørane har sett saman eit bredt utval, meint både for dei kunstinteresserte, og for dei som er meir oppteken av å finna noko som passar inn i interiøret heime. Mest bildande kunst, men og noko treskjæring, rosemåling, steingods og keramikk.

Er du meir oppteken av klær bør ta ein kikk på Rasa Malakuskiene sine florlette tunikaer med silkemåling.

Matematikkinteresserte vil kanhende undra seg over korleis Anita Rufus Pamer har valt å uttrykkja ein matematisk talrekkje i store, fargerike firkantar.

Digitalt eksperiment
Årets utstilling er den første der invitasjonane berre vert sendt digitalt, som epost og via Facebook.

– For å forsvara kostnadane med trykkja og senda invitasjonar med posten måtte vi ha seld for ganske mange ti-tusen kroner meir, forklarar Lie og Foldnes.

No er dei spent på korleis det digitale eksperimentet vil påverka frammøtet. Morgonen etter opninga var det raude lappar ved fleire av kunstverka, så her gjeld det openbart å skunda seg.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.