Klar til å utfordra fylkesmannen

Forslaget til detaljreguleringsplan for handel langsmed høgspentlinja i Smålonane vert lagt fram for politisk behandling trass i motsegn frå både fylkesmannen og Hordland fylkeskommune.

Verken fylkesmannen i Hordaland eller Hordaland fylkeskommune ønskjer at det skal etablerast butikkar i dette området.

Komité for Plan og utvikling skal i morgon ta fatt på siste runde i behandlinga av framlegget frå Straume Handelseiendom AS til detaljreguleringsplan for næringsareal i Smålonane på Straume.

Les: Opnar for meir storhandel på Straume

Volumhandel
Framlegget legg opp til å etablera 19.000 kvadratmeter med næringsareal fordelt på fire bygg i området langsmed og under høgspentlinja.15.000 kvadratmeter skal nyttast til plasskrevjande handel, inkludert detaljvarer i stort volum. 4.000 kvadratmeter skal setjast av til detaljvarehandel.

Forslagstillar ser for seg at området kan vera aktuelt for butikkonsept som til dømes Plantasjen, Jula eller Biltema.

To motsegn
Både fylkesmannen i Hordaland og Hordland fylkeskommune har levert motsegn mot forslaget om å etablera detaljhandel utanfor det området som er sett av til sentrumsføremål i kommunedelplanen for Straume.

Detaljvarehandel er likevel framleis med i den planen politikarane no vert bedne om å ta stilling til.

– Å ta detaljvarehandel ut av planen vil ekskludra store delar av handelstilbodet som kjem inn under volumbasert handel. Konseptet vil då ikkje vera gjennomførbart i samsvar med tiltakshavar sitt ønskje, ifølgje saksutgreiinga.

Utan tilråding
Når saka vert lagt fram til politiske behandling, er det utan tilråding frå rådmannen. Øvste administrative leiar i Fjell overlet det til politikarane å venda tommelen opp eller ned for forslaget.

I tilfelle politikarane i KPU er positive, bør kommunen be fylkesmannen om ei formell mekling før kommunestyret gjer endeleg vedtak, tilrår rådmannen.

I tilfelle meklinga ikkje fører fram, og kommunestyret er positive, vert det Kommunal- og moderniseringsdepartementet som får siste ordet i saka, ifølgje saksutgreiinga.

Nei til detaljhandel
Situasjonen kjem ikkje uventa. KPU vedtok i vår å leggja planen ut på høyring, trass i at både fylkesmannen i Hordaland og Hordaland fylkeskommune hadde varsla at dei ville koma med motsegn mot planen om å etablera detaljhandel utanfor det området som er sett av til sentrumsføremål i kommunedelplanen for Straume.

Les: Ja til vaskemaskiner, nei til vaskepulver

Detaljhandel i lokale med golvflate større enn 3.000 kvadratmeter kan berre skje innan ein radius på inntil 800 meter frå Straume Sentrum, ifølgje Regional plan for attraktive senter i Hordaland. Næringsarealet i Smålonane ligg akkurat utanfor grensa.

Er bruksarealet er større enn 3.000 kvadratmeter, krev det søknad og godkjenning frå fylkeskommunen og fylkesmannen.

Fylkesutvalet avslo søknaden før ferien. Avslaget er påklaga, men klagen er ikkje behandla.

Advertisements

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.