Tek konflikten med fylkesmannen

Straume Handelseiendom AS bør få leggja til rette for volumbasert varehandel i Smålonane.

Hans dag i dag: Dagleg leiar Kåre Bjorøy i Sartor Maskin AS kunne kosta på seg eit forsiktig smil etter at eit samrøystes KPU først godkjende at familien sine planar for Grønamyrsvegen vert lagt ut på høyring og deretter tilrådde planane om handel i Smålonana der han er ein av grunneigarane.

Det tilrår ein samrøystes Komité for Plan og utvikling. No vert det meklingsmøte med fylkesmannen før kommmunestyret kan endeleg godkjenna framlegget til detaljreguleringsplan.

Motsegn
Både fylkesmannen i Hordaland og Hordland fylkeskommune har innlagt motsegn mot Straume Handelseiendom AS sitt forslag til detaljreguleringsplan for det 39 mål store området i krysset Arefjordvegen – Idrettsvegen.

Motsegnene frå fylkesmannen og Hordaland fylkeskommune dreier seg først og fremst om kva type handel som skal inn i dei planlagte bygga.

Les: Klar til å utfordra fylkesmannen

Mjuke trafikkantar
-Straume Handelseiendom har gjort det klart at dei ønskje storhandel utan matvarer. Dei har løyst krava våre veldig godt. Skal vi gå for mekling? innleia leiar Henning Ekerhovd (A).

Betre tilrettelegging for mykje trafikkantar er eitt av dei tiltaka som tiltakshavar har innarbeida i planen, etter at han var ute på høyring i vår.

Lite å diskutera
Etter fleire rundar i politiske fora var politikarane i KPU samstemde om at planen bør godkjennast. Det var svært lite som stod att å diskutera. Det var tydeleg at dei fleste KPU-medlemmane tenkjer som Daniel Victor Sandvik (FrP):

– Eg er like lite begeistra kvar gong fylkesmannen forsøkjer å detaljstyra lokaldemokratiet vårt. Slike detaljar bør vi få avgjera sjølv, hevda Sandvik.

Lydhør
-Tiltakshavar har vore lydhør. Vi ønskjer jo at området skal verta bebygd. I dag ligg det som ei fylling, samstemte Anne Hestnes (A).

Det er bra at vi få mest mogeleg handel her på Sotrasida. Då reduserer vi kanskje trafikken over Sotrabrua, sa Helge Hilsen (KrF).

Utan innstilling
Saka om detaljreguleringsplanen for Smålonane vart lagt fram utan innstilling frå rådmannen.

På førehand var det klart at om KPU likevel tilrår at planen vert godkjend, må Fjell kommune be om meklingsmøte med fylkesmannen før endeleg behandling i kommunestyret, ifølgje krava i forvaltningslova.

Bransjeglidning
Fleire av butikkjedane som er aktuelle leigetakarar i området, representerer ei bransjegliding mellom plasskrevjande varehandel og detaljhandel.

Den tidlegare diskusjonen har avslørt at kommunedelplanen for Straume manglar føringar for volumbasert varehandel utanfor sjølve sentrumsområdet. Korvidt detaljreguleringsplanen for Smålonane vil bidra til å nå målsetjinga av Straume sentrum som levande, miljøvenleg og aktivt, er vanskeleg å avgjera.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.