Fjell-kvinne vil verta Skyss-direktør

Målfrid Vik Sønstabø (50) har vore konstituert direktør i Skyss sidan i sommar. Ikkje uventa er ho mellom dei 18 søkjarane til stillinga.

Måfrid Vik Sønstabø.

Målfrid Vik Sønstabø vart konstituert som direktør i det fylkeskommunale transportselskapet etter at Oddmund Sylta gjekk av i sommar.

Ho kom frå stillinga som avdelingsleiar for trafikktilbodet i Skyss og er busett på Hjelteryggen.

I kampen om toppleiarvervet i Skyss, vil Fjell-kvinna få konkurranse mellom anna frå fylkesvaraordførar Pål Kårbø (45) frå Meland.

-Direktørstillinga i Skyss er ein av dei mest spennande jobbane i regionen, seier fylkesdirektør for samferdsel, Håkon Rasmussen, i ei melding frå Hordland fylkeskommune.

Søkjarlista vitnar om ein stadig meir internasjonal arbeidsmarknad. Fire av søkjarane er busette i utlandet.

Her er dei øvrige søkjarane:
Håkan Karlsson, 44 år, administrerende direktør kommunale bustader og eigedom, Älvkarleby.

Arne-Christian Haukeland, 49 år, administrerande direktør, Luxembourg

Monica Nyhagebråten, 48 år, kommersiell direktør, Bergen

Khashayar Govahi, 34 år, arbeidssøkjar, Alborz,

Leif-Arne Korneliussen, 47 år, service manager Nordic, Askøy,

Jørn Kåre Bjørnå, 51 år, arbeidssøkjar, Bergen

Åshild Lussand Sønsteby, 47 år, avdelingsleiar, Bergen,

Kåre Gert Monsen, 52 år, avdelingsdirektør NAV familie og pensjonsytingar, Bergen,

John Fredrik Wallace, 54 år, næringsrådgjevar, Lindås,

Knut Erik Reigstad, 33 år, konsulent, Bergen,

Johan C. Haveland, 50 år, leiar passasjertransport, Bergen,

Victor Olaniyi, 30 år, Olang autos management, Lagos,

John Martin Jacobsen, 45 år, seksjonsleiar, Meland,

Tre av søkjarane, to menn og ei kvinne, ønska ikkje namnet sitt offentleggjort.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.