Slik har vi det

Folkehelsa til strilane på øyane vest for Bergen skil seg frå innbyggjarane i resten av Hordaland på tre område.

Jamnt over fleire strilar på øyane vest for Bergen rapporterer om dagleg jobbreise lengre enn 20 kilometer enn i resten av fylket.

Har du det bra, spurte fylkesordførar Anne Gine Hestetun (A) i vår i samband med utsendinga av invitasjonen til å delta i den store folkehelseundersøkinga for Hordaland.

Vel 28.000 av dei 70.000 inviterte hordalendingane over 18 år valde å svara. Av dei kjem kring 1.800 frå Fjell, Sund, Øygarden og Askøy, fortalde seniorforskar Jens Christoffer Skogen i Folkehelseinstituttet då ha presenterte han resultatet av undersøkinga på ein konferanse i Bergen i dag.

Mange interessante detaljar kan skjula seg i eit gjennomsnitt. Tre forskjellar i folkehelsa til innbyggjarane i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy samanlikna med resten av fylket får seniorforskar Jens Christoffer Skogen ved Folkehelseinstituttet til å stussa.

Regionvise forskjellar
Forskjellar mellom dei seks regionane i fylket opptek første del av rapporten. Ser vi på dei store linjene, er det jamnt over lite som skil folkehelsa til strilane på øyane vest for Bergen frå innbyggjarane i resten av fylket.

På den andre sida er det gjerne slik at mange interessante detaljar kan skjula seg i eit gjennomsnitt. Nettavisa Tunnelsyn ba difor folkehelseforskaren om å peika ut det han oppfattar som dei mest interessante skilnadar mellom oss og innbyggjarane i dei øvrige regionane.

Lang jobbreise
Mest interessant, sett med forskaren sine auge, er det at det er fleire strilar frå Sotra, Øygarden og Askøy som har ei dagleg jobbreise som er lengre enn 20 kilometer enn i dei øvrige regionane.

Ser vi dette i samanhang med den høge andelen som seier at dei opplever det offentlege transporttilbodet som mangelfullt, forstår vi at mange opplever eit behov for å finna andre måtar å koma seg rundt på, noko som i alle fall delvis kan forklara køane over Sotrabrua.

Usunn livsstil og dårleg helse
Innbyggjarane i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy opplyser at vi er mindre fysisk aktive på fritida enn andre hordlendingar. Forskaren spør seg kvifor.

Kosthaldet er tredje faktoren som får folkehelseforskaren til å stussa. Det kan verka som om vi lever meir usunt enn i resten av fylket. Det kjem til dømes fram i rapporten at det er færre av oss som et fisk to dagar i veka. Samstundes er det fleire som drikk brus oftare enn hordalendingar flest, og fleire som snusar dagleg.

Detaljar som samsvarar bra med rapporteringa om at noko færre av innbyggjarane i Fjell, Sund, Øygarden og Askøy opplever at dei har god helse enn i resten av fylket.

Offentleg planlegging
Folkehelse er på full fart inn i offentleg planlegging. Prioriteringane og ordbruken i folkehelsearbeidet kan likevel vera svært forskjellig frå den planleggjarane er vant til frå Plan- og bygningslova.

– Bruk rapporten aktivt i den kommunale planlegginga, oppfordra assisterande fylkesrådmann Ingrid Holm Svendsen i opningshelsinga si til konferansedeltakarane.

Psykisk helse
– Vi må bryta informasjonen ned på kommunenivå før det er råd å trekkja konklusjonar, er første kommentaren frå folkehelsekoordinator Lisbeth Aasebø i Askøy kommune.

Det uroar henne at så mange unge rapporterer om psykiske plager. Samstundes seier ho seg glad for at det verkar som om fleirtalet av dei yngste av dei over 70 år seier seg tilfreds med livet.

Samfunnsdelen til kommuneplanen

Samfunnsplanleggjarane Lena Svalstog Garnes (tv) og Kristina Espeseth i Fjell ser fram til å samarbeida med Hordaland fylkeskommune om bruk av grunndataene i folkehelseundersøkinga i det kommunale planarbeidet.

– Dette er grunnlagsdata. Slik informasjon nyttar vi i all planlegging, seier samfunnsplanleggjar Lena Svalastog Garnes i Fjell i ein kort kommentar etter Skogen sin presentasjon.

Element frå folkehelseundersøkinga vil mellom anna vera svært aktuelle å ta omsyn til når samfunnsdelen for kommuneplanen for nye Øygarden skal utarbeidast.

Du kan lasta ned rapporten frå folkehelseundersøkinga her

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.