Alt som kan gå gale

Ekstremvind, skipshavari, terror, sabotasje og datainnbrot. ROS-analysen for nye Øygarden kommune skal ta høgde for alt som kan utgjera ein risiko for innbyggjarane.

Riskoen for transportulukker av skip langsmed kysten av nye Øygarden er stor, og noko vi bør ta omsyn til å den offentlege planlegginga. Arkivfoto: Forsvaret.

Fjell, Sund og Øygarden fekk pepar for manglande beredskapsplanar frå fylkesmannen i Hordland etter tilsyna i 2016. Fjell kommune mangla mellom anna plan for korleis dei ville handtera ein situasjon der Sotrasambandet vart sett ut av drift i lengre tid.

Les: Manglar kriseplanar

For å lukka avvika innan fristen har dei tre kommunane gjennomført ein felles analyse av risiko og sårbarheit (ROS), kjem det fram av sakspapira til Fellesnemnda førstkomande måndag.

Realistisk bilete
Lov om kommunal beredskapsplikt pålegg kommunane å kartleggja kva uønska hendingar som kan skje, kor stor sannsynligheten er for at dei kan skje og kva konsekvensar slike hendingar kan få.

For å få eit mest mogeleg realistisk bilete av det lokale risikobiletet har den interkommunale prosjektgruppa supplert eigen kompetanse med ekspertar frå Equinor på Sture og Kollsnes og CCB på Ågotnes.

Størst risiko
Fem tema vert tekne opp i den føreliggjande ROS—analysen: Naturhendingar, store ulukker og kritisk infrastruktur, tilsikta hendingar, som terror, og helse. Til saman er risikobiletet for 35 forskjellige uønska hendingar analysert.

Sjølv om Sotrasamfunnet på mange måtar er eit verna hjørne av verda, er det mykje vi må ta høgde for i den offentlege planlegginga.

Dette er dei hendingane som har størst risiko og som vi bør prioritera, ifølgje ROS-analysen:

Av mogelege naturhendingar, har erfaringane vist at det er størst risiko for at ekstremvind kan føra til at Sotrabrua vert stengd i kortare eller lengre tid, og noko vi bør planleggja for i framtida.

Fare for stormflo og brottsjøar bør vi og ta høgde for i planarbeidet.

Transportulukker til sjøs
Når det kjem til store ulukker, er det risikoen for transportulukker til sjøs som vert vurdert som høgast. I slike tilfelle er sannsynlegheiten stor for at mange kan vert omfatta, og konsekvensane kan verta alvorlege.

Risikoen for ein ny, stor brann i utmarka vert og vurdert som høg, og kan få store økonomiske konsekvensar om han får spreia seg til bustadar og andre bygg.

Atomulukke er noko vi bør førebu oss på, ifølgje ROS-analysen. Ulukker kan skje i samband med atomdriven skipstrafikk til Haakonsvern, som følgje av radioaktivt nedfall etter ei ulukke ved Sellafield-anlegget i Skottland, eller ved havari av eit skip som fraktar atomavfall langs kysten.

Sårbar infrastruktur
Infrastrukturen vår er sårbar. Det gjeld ikkje berre Sotrabrua. Svikt i straumforsyninga over meir enn fire timar vil ha små konsekvensar for liv og helse, men kan få store økonomiske konsekvensar.

Datainnbrot, hacking og virkus er hendingar vi bør planleggja for. Talet på slike hendingar er aukande, og ein svikt i informasjonstryggleiken kan få alvorlege konsekvensar for økonomi og omdøme. I sjeldne tilfelle kan slike hendingar føre til tap av liv og helse, som følgje av feilbehandling.

Sabotasje mot viktige næringsverksemder eller infrastruktur er den tilsikta hendinga som vert vurdert å ha høgast risiko, og som kan få dei mest alvorlege konsekvensane om det skjer.

Helikopterulukker
Øyane vest for Bergen har 100.000 årlege overflygingar av fly og helikopter. Trass alvorlege konsekvensar for dei som vert ramma, vert risikoen for en ny helikopterulukke, som Turøy-ulukka, vurdert som lita.

Undervegs i arbeidet er ROS-analysen drøfta og kvalitetssikra med eksterne aktørar frå lokale verksemder, kompetansemiljø og offentlege organisasjonar.

Ingen handlingplan
Verd å merka seg er det at ein ROS-analyse ikkje er det same som at kommunene har handlingsplanane klare i tilfelle ei av dei nemnde hendingane skulle skje. Eventuelle handlingsplanar kjem i neste omgang.

Analysen skal vera grunnlaget for kommunane sine prioriteringar beredskapsarbeidet i vår region. Analysen skal og vera grunnlag for utarbeiding av beredskapsplan for nye Øygarden kommune.

Dei tre kommunestyra skal vedta ROS-analysen før jul.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.