Kommentar: Dette er ei annonse

Eit bilete kan fortelja meir enn tusen ord, er det dei som hevdar. Då vert det viktig å huska at eit bilete også kan lyga. Det er dette Vestnytt gjer når dei no viser bilete frå utmarksområdet til den historiske bygda Straume med overskrifta ”Slik såg Straume ut”.

Vestnytt framstiller det som om denne vesle delen av utmarksområdet til Straume var heile bygda. Bileter vart teke på 1960-talet.

Historielause Vestnytt hoppar bukk over det faktum at både rådhuset i Fjell og Sartor Storsenter er bygde i det som eingong var utmarka til den historiske garden Straume.

Bygda Straume kan skriva historien sin tilbake til 1500-talet. Busetnaden låg langsmed Straumsundet, frå Gamle Straumsbru og sørover. Fram til utskiftinga i 1906 låg alle bygningane samla i eit klyngetun like oppfor Gamle Straumsbru. Etter utskiftinga vart husa noko meir spreidd, men Straumsundet var framleis livsnerven for fiskarbøndene.

Dei to – tre husa som Vestnytt hevdar var Straume, vart bygde i etterkrigstida, langt unna den historiske busetnaden.

Diverre er det ikkje første gong dei nye herskarane på Straume freistar forfalska historia ved hjelp av akkurat dette biletet.

Det historiske Straume var noko ganske anna enn det vesle utmarksområdet som vert vist på biletet frå 1960-talet. Dagens Straume er noko langt meir enn Sartor Sentrar.

Eigarane av Sartor Storsenter har likevel ei kommersiell interesse av å framstilla det som om senteret er Straume, og berre det. Omtalen viser at Vestnytt har late seg kjøpa av sentereigarane sine annonsekroner.

Når slike foreinklingar får lov å dominera framsida på lokalavisa, vert det freistande å hevda at Vestnytt er annonser.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.