Utfordringar i kø for verdas første slaktefartøy

Logistikk, og å få på plass avtaler, vert dei største utfordringane for eigarane av slaktebåten Norwegian Gannet framover.

140 meter lang og med sju dekk ruva Norwegian Gannet godt ved Bryggen i Bergen.

Med 140 meters lengde og sju dekk, ruva Norwegian Gannet godt ved Bryggen i Bergen. I dag var det showtime på Vågen med lange køar av nyfikne og høgtideleg dåp av verdas første slaktebåt for fisk. Gudmor var Anne Hvistendal, direktør for DNB Ocean Industry.

Båten skal henta fisk i merdene til oppdrettsanlegga langs Vestlandskysten. All slakting skal skje om bord. Den nedkjølte fileten skal leverast til Hav Line sin nybygde terminal i Hirtshals.

400 – 500 millionar

Hav Line Gruppen AS har investert 400 – 500 millionar kroner i verdas første slaktefartøy, fortel ein stolt reiar Kjell Haugland.

Hav Line Gruppen AS, som vert eigd 50 : 50 av Haugland Gruppen AS i Bergen og Sekkingstad-familien på Sotra har investert 400 – 500 millionar i fartøyet, fortel ein stolt reiar Kjell Haugland i Hav Line Vessel AS til nettavisa Tunnelsyn.no.

I dag medgjekk reiaren at han er spent på om konseptet vil fungera etter intensjonane. Eindel av svara vil han få under jomfruturen om om tre – fire veker.

Treng fleire avtaler

Administrerande direktør Carl-Erik Arnesen i Hav Line Gruppen AS i slakteriet. Så langt har han inngått avtaler for vel ein fjerdedel av kapasiteten.

-Logistikken, og det å få til avtaler med oppdrettsanlegga om henting av fisk, vert den største utfordringa framover, seier administrerande direktør Carl-Erik Arnesen i Hav Line Gruppen AS.

Så langt har dei avtaler om henting av 35.000 tonn årleg, vel ein fjerdedel av kapasiteten, ifølgje Arnesen.

Erko Seafood AS, der Haugland Gruppen AS er medeigar, vil levera all sin slakteferdige fisk til Norwegian Gannet. Men dei er ein liten aktør. Totalt er det snakk om 12.000 – 15.000 tonn, ifølgje Kjell Haugland.

-Dess fleire avtalar vi får, dess rimelegare vil det verta for oppdrettarane, reklamerer Arnesen.

Utflagging
Mange, men særleg folk på Sotra, spør seg korvidt slaktefartøyet vil erstatta Sekkingstad-familien sitt lakseslakteri på Skaganeset i Sund.

Haugland viser vidare til Sekkingstad-familien, men ingen av dei er å oppdaga i vrimmelen om bord på dåpsdagen.

Bekymringa for utflagging av arbeidsplassar vert delt av fleire stortigsreprsentantar.

Les: Fryktar statsstøtte slaktefartøy vil flagga ut arbeidsplassar

Også fiskeriminister Harald T. Nesvik har lova at han vil føljga utviklinga nøye.

Les: Fiskeriministeren har merka seg Hav Line

20.000 fisk i timen
Når Norwegian Gannet vert sett i drift vil fartøyet ha ein kapasitet på 1.000 tonn sløyd fisk per tur, eller 20.000 fisk i timen. Etter planen vert det lagt opp til 140 turar årleg mellom oppdrettsanlegg på Vestlandskysten og Hirtshals.

Fisken vil verta levert til Danmark to døgn raskare enn om han hadde blitt transportert med trailer frå slakteri langs norskekysten. Slik kan han spara det norske vegnettet for inntil 86 trailerlass per tur.

Statlege tilskot
Innkortinga av logistikklina har premiert eigarane med 20 millionar kroner i tilskot frå Kystverket for overføring av gods frå veg til sjø.

Reiarlaget har og fått 6,55 millionar kroner frå Enova for tilrettelegging av fartøyet for hybriddrift, med nyutvikla teknologi for energioptimalisert motor og batteripakke. Slaktebåten skal også kunna nytta landstraum.

Les: Slaktefartøy får Enova-støtte

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.