Vi har ein vinnar

Øygardsgensaren er kåra.

Lyngfarge for damene og einergrønt til herrane. Øygardsgensaren kan lagast i fleire variantar, lover Mary-Ann Foldnes Fiskå som har utarbeida vinnarforslaget. Alt no tenkjer ho produktutvikling og korleis gensaren kan kommersialiserast.

Kva er dei felles symbola i kulturarven til fjellsokningar, sundsokningar og øygardsstrilar? spurte leiinga i nye Øygarden kommune då dei lyste ut konkurranse om korleis Øygardsgensaren skulle sjå ut.

Les: Korleis bør Øygardsgensaren sjå ut?

Her kan du sjå alle dei seks bidraga: Dei er laga av Laila Klemetsaune (genser 4), framme, Solbjørg Helen Vik (genser 6), bak fv, Ruth Bruvik Aule og Sissel M. Kleivdal Haga (genser 1), Mary-Ann Foldnes Fiskå (genser 3), Bente Larsen (genser 2) og Ingrid Gjelstein (genser 5).

Godt gjennomarbeida
– Det ligg ein imponerande innsats bak alle forslaga. Alle er godt gjennomarbeida, understreka ordførar Marianne Sandahl Bjorøy då ho kåra vinnaren under Sotra Husflidslag si årlege julemesse.

Seks forslag kom inn. Av dei 1.650 som stemte, var det flest som stemte på Mary-Ann Foldnes Fiskå sitt forslag til Øygardsgensar.

Les: Nye Øygarden i blått, grått og oker

Vinnarforslaget, som vart premiert med ein sjekk på 10.000 kroner, har henta farge frå himmel, hav, berg, knausar og lyngheiar, fortel Fiskå.

Vrangbord laga i fletter symboleliserer at innbyggjarane i den nye kommunen treng å bli fletta saman. Dei ulike mønstera er abstrakte samstundes som dei vitnar om tradisjon. Dei som ser nøye etter vil sjå element henta frå tidlegare sotragenserar og frå sjølve landskapet, rikt pynta med lyngen sine nydelege fargar. Bruene bind saman øyane her ute. Bruer må også bli bygd mellom alle oss som bur her, forklarar Foldnes Fiskå vinnarforslaget.

Garnpakkar
Mary-Ann Foldnes Fiskå har og utarbeida ein herremodell der den raude lyngfargen er ersatta med einergrønt.

-Gensaren er veldig einkel å strikka, og lett å montera, seier opphavskvinna.

Øygardsgensaren skal verta vårt nye festplagg. Sotra Husflidslag har teke på seg jobben med å utarbeida mønster i alle storleikar. Like over nyttår håpar dei å kunna tilby materiale og mønster til Øygardsgensaren som ferdige garnpakkar i samarbeid med Hillesvåg Ullvarefabrikk, fortel leiar Gunvor Bråthun Moe.

-Eg håpar flest mogeleg øygardsstrilar vel å sprada rundt i denne gensaren når nyttårsklokkene ringjer den nye kommunen inn 1.1.2020, seier ein smilande ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.