Inviterer til auka offentleg eigarskap i Ågotnes hamn

Det er ikkje CCB AS som skal eiga og driva ei framtidig godshamn for Bergensområdet på Ågotnes.

Slik kan ei ny hamn for Bergensområdet på CCB sjå ut i 2050. Illustrasjon CCB AS.

Ågotnes er no einaste alternativet som vert utgreidd for flytting av Bergen havn vekk frå Dokken, sa Christian Valdes Carter frå CCB AS då han saman med administrerande direktør Kurt Rune Andreassen i dag orienterte Fellesnemnda for Fjell, Sund og Øygarden om framtidsplanane for hamneanlegga på CCB.

Les: Ågotnes – det fleksible og mest miljøvenlege hamnealternativet

Meir effektiv
CCB AS sitt areal på Ågotnes er tre gongar større enn det Bergen Hamn disponerer på Dokken. Saman med Bergen havn har CCB utarbeida ein mogelegheitsstudie for ei heilt ny og langt meir effektiv godshamn på dagens hamneområde på Ågotnes. Høg grad av automatisering skal bidra til å auka sjøtransporten si konkurranseevne samanlikna med jernbane.

– Den auka effektiviteten vil føra til reduserte kostnadar for sjøtransporten og motverka dei auka kostandane som følgjer av meir tungtransport på det lokale vegnettet, hevda Carter.

Arbeidsplassar ikkje tema
Kor mange nye arbeidsplassar eit slikt hamneanlegg kan innebera, og korleis ei omfattande effektivisering av hamneaktivitetane vil påverka behovet for arbeidsplassar, var ikkje tema i presentasjonen.

Ingen av politikarane i Fellesnemnda hadde spørsmål til leiinga ved CCB.

Dei var stumme av begeistring, ifølgje leiar Børge Haugetun.

Offentleg eigarskap
Fjell kommune kjøpte seg inn i Ågotnes næringspark AS som eig hamneområdet i vår. No ser CCB og Andreassen gjerne at det offentlege kjøper seg ytterlegare opp.

Les: Ingen halleluja-stemning for kommunalt aksjekjøp

– Vi har signalisert overfor Bergen hamn at dei og kan kjøpa seg inn. Dette er ei offentleg hamn og dei ønskjer å ha eit eigarskap. Eigarbrøken kan verta annleis enn dei 22 prosent som Fjell kommune har i dag. Vi ser gjerne at han vert 50 – 50, eller noko anna. Det kan vi diskutera, seier Andreassen.

Felles driftsselskap
– Det er ikkje er slik som nokon trur at CCB skal driva denne hamna. Eg trur ikkje det er vegen å gå for å få dette til. Vi har invitert Bergen hamn og alle brukarane av hamna til å vera med i felles eigd stevedoring-selskap som skal drifta hamna. For å få alle med, skal alle brukarane inviterast inn også på eigarsida, seier Andreassen.

– Vi trur ikkje på den modellen hamna har i dag. Der er det mange operatørar som krigar mot kvarander, og som byggjer opp ein overkapasitet, hevdar Andreassen.

1,2 milliardar
Den samfunnsøkonomiske nytten av å flytta Bergen hamn til Ågotnes kan verta stor, har Menon Economics rekna ut.

Mesteparten av verdien er det Bergen hamn som vil oppnå. Ved å frigjera dagens hamneområde på Dokken kan det verta råd å realisera heile 1,1 milliard kroner, har analyseverksemda rekna ut.

Auka tungtransport
Det er berre gods, som konteinarar, bulk og stykkgods, som er aktuelt å flytta frå Bergen sentrum til Ågotnes, i alle fall i første omgang. Totalt dreia det seg i fjor om 1.050 skipsanløp. som kan overførast til Ågotnes, ifølgje Menon Economics. Det vert i dag transportert 30.000 konteinarar over Bergen hamn årleg. I 2050 kan talet ha auka til 60.000 – 100.000.

Ei flytting av hamna vil medføra auke i trafikken over Sotrabrua, og auka utslepp av CO2. Samstundes vil tungtrafikken gjennom Bergen Sentrum reduserast, og med det dei luftproblema det medfører, seier Carter.

Dagens hamneanlegg på CCB AS er så godt som klar til å ta i ei auka godsmengde frå Bergen hamn alt frå neste år.

Du kan lasta ned Menon Economics sin rapport her.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.