Her kjem nye hurtigladarar

Forland i Sund og Juvikflaten i Askøy er to av dei 17 stadane i Hordaland der elbileigarane snart kan gleda seg over tilgang til ein hurtigladar.

Redusera rekkeviddeangsten. Hordaland fylkeskommune vil oppmuntra til auka bruk av elbil. Løyver 4,4 millionar kroner i tilskot til nye hurtigladarar. Det kom inn søknadar om 14,3 millionar.

Ein raskt aukande flåte av elbilar krev nye ladepunkt. Hordaland fylkeskommune løyver no 4,4 millionar kroner i tilskot til utbygging av nye 78 nye ladepunkt på 17 stadar i fylket, ifølgje ei pressemelding frå Hordaland fylkeskommune.

Ein av dei nye hurtigladarane skal plasserast på Forland i Sund.

Ein annan på Juvikflaten i Askøy.

– Hordaland vert best i klassen i talet på hurtigladarar samanlikna med resten av landet, seier ei glad fylkeskordførar Anne Gine Hestetun i ein kommentar.

Det skal verta praktisk å køyra elbil, og då treng vi eit godt nettverk med hurtigladestasjonar over heile fylket. Hurtigladarar langs dei mest brukte vegane i fylket reduserer rekkeviddeangst og gjer at fleire tør velja elbil, utdjupar klima- og naturressursjef Sølve Sondbø i Hordaland fylkeskommune.

I september var 62 prosent av nybilane som vart selde i fylket elbil. 13 prosent var ladbare hybridar. Elbilane utgjer no 11,2 prosent av alle registrerte personbilar i fylket, ifølgje fylkeskommunen.

Betala i bomringen
Talet på elbilar som passerte bomringen i Bergen i oktober var heile 19,9 prosent, ifølgje pressemeldinga.

20 prosent elbilar gjennom bomringen er i bymiljøpannen sett som grense for når elbilane må byrja betala halv takst for passeringane.

Les: Halv bompengeavgift for elbilar

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.