Fjell vinn på folkevekst

Det samla folketalet i nye Øygarden har no passert 38.000.

315 nye innbyggjarar så langt i år sikrar ein folkevekst på 0,83 prosent i nye Øygarden.

Så langt i år har vi blitt 315 fleire innbyggjarar i nye Øygarden. Mest positiv er utviklinga i fødselsoverskotet, ifølgje SSB sin dagsferske statistikk over folkeveksten i norske kommunar.

Heile 290 av dei nye innbyggjarane er heimehøyrande i Fjell. 117 av dei kom til i sommarmånadane. Folkeveksten på 1,1 prosent over tre kvartal kan forklarast med eit fødselsoverskot på 164 personar og 126 fleire tilflytta enn utflytta.

Øygarden hadde ei like sterk prosentvis folketalsutvikling som Fjell i tredje kvartal. Også her har tilflytting vore sterkaste drivaren for auken i talet på innbyggjarar.

Fråflytting er stikkordet for folketalsutviklinga i Sund. Så langt i år har det blitt 17 færre sundsokningar.

Folkevekst jan – august 2018 1.1.2018 Fødselsoverskot
Netto tilflytting
Endring 30.09.2018 Endring i %
Sund 7085 34 -51 -17 7068 –              0,24
Fjell 25725 164 126 290 26015                1,11
Øygarden 4877 20 22 42 4919                0,85
Totalt 37687 218 97 315 38002                0,83
Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.