Vernar om handelen i Straume sentrum

Straume Handelseiendom AS vert nøydd til å tenkja radikalt annleis om bruken av eigedomen i Smålonane, om politikarane i fylkesutvalet føl fylkesrådmannen si innstilling.

Skal det kunna etablerast handel her, bør det vera med sokalla unntaksvarer, som bilar, båtar, landbruksmaskinar, trelast og større byggjevarar, samt utsal frå hagesenter og større planteskular.

Straume Handelseiendom AS har klaga på fylkeskommunen sitt avslag om å gje løyve til detaljhandel og volumhandel på tomta i krysset mellom Arefjordvegen og Idrettsvegen. Fylkesutvalet skal behandla klagen torsdag denne veka.

Les: Klar til å utfordra fylkesmannen

I innstillinga utdjupar fylkesrådmannen argumenta for motsegna mot reguleringsplanen for Smålonane. Innstillinga vernar om den eksisterande handelen i Straume sentrum. Fylkeskommunen sin plan for attraktive senter bør gå føre kommunen sin eigen vedtekne kommunedelplan for Straume, vert det hevda.

Sentrumskjerne
Detaljhandel og volumhandel må skje innanfor ein radius av 800 meter frå den nye kollektivterminalen på Straume. Slik handel utanfor sentrumskjernen vil vera bilbasert, og vil skje i konkurranse med den etablerte handelen i Straume Sentrum.

-Reguleringsplan for Smålonane er utforma med god tilgjenge for biltransport og parkeringsplassar rett utanfor døra. Dette vil skape eit uheldig konkurransefortrinn i høve til butikkane i sentrum med parkeringsplassar i parkeringsgarasje, hevdar fylkesrådmannen.

-Å leggja til rette for meir bilbasert handel på Straume er i strid med både nasjonale og regionale føringar og nullvekstmålet for Bergensområdet, står det å lesa i sakspapira.

Trelast og byggjevarer
Skal det kunna skje handel i området i Smålonane, kan det i så fall berre vera med sokalla «unntaktsvarer» ifølgje det regionale regelverket. Med det meinast bilar, båtar, landbruksmaskinar, trelast og større byggjevarar, samt utsal frå hagesenter og større planteskular.

Slike varer er det svært lav dekningsgrad på i Fjell, Øygarden og Sund, og det er desse varene ein må køyra til fastlandet for å handla, hevdar fylkesrådmannen.

-Smålonane som ligg i utkanten av sentrum og langs eksisterande veg og kan difor vere god eigna for etablering av desse verksemdene. Etablering av handelsareal til unntaksvarene vil kunne motverke handelslekkasje til fastlandet og redusere trafikk over Sotrabrua, skriv fylkesrådmannen i innstillinga.

Streng regional styring
Handelsarealet i regionsenteret Straume må sjåast i samanhang med kommunedelsentra Rong og Skogsskiftet, argumenterer fylkesrådmannen og legg opp til ei sterk regional styring.

-Det er utfordrande for kommunane å styre rett handel til rett stad og følgje opp føringar i regional føresegn for handel, når dette inneber å si nei til handelsetableringar. Kommunane ønskjer ikkje å si nei til auka handelstilbod og arbeidsplassar. For å skape attraktive senter og bidra til bruk av miljøvennlig transport er det derimot avgjerande med styring av handelslokallisering, hevdar fylkesrådmannen.

Handelsanalyse
Når det gjeld detaljhandel, bør det setjast av to kvadratmeter handelsareal per innbyggjar i den nye kommunen, ifølgje fylkeskommunen sin handelsanalyse. Ut frå ein slik modell bør innbyggjarane i nye Øygarden klara å sikra inntekter til 75.000 kvadratmeter med handelsareal, tenkjer dei i fylkeskommunen.

Korvidt 60 eller 70 prosent av all handel i den nye kommunen bør skje i Straumeområdet, er fylkesrådmannen open for å diskutera. Landar ein på 60 prosent, dekkjer det noverande arealet til Sartor Storsenter alt behov for utviding av handelsarealet dei neste 20 åra, ifølgje sakspapira.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Advertisements

2 Comments

  1. Jaja. Så mye er lokaldemokratiet verd. Direkte tåpelig at ikke dette skal kunne avgjøres av Fjell kommune sine egne politikere. De som kommer med innvendinger mot denne planen er vel vant med å ta med seg kjøleskap og frysebokser inn på bussen? Maks 800 meter fra bussterminalen. Nei denne motsegna henger ikke på greip. Direkte usaklig fra de som overstyrer Fjell sine folkevalgte politikere. Hva er vitsen med at lokalbefolkningen engasjerer seg i politikken når folk i Bergen bestemmer?

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.