Best breibandsdekning i Øygarden

95 prosent av innbyggjarane i Øygarden er no tilkopla internett i heimen.

Talet på faste breibandsabonnement aukar jamnt og trutt i kommunane vest for Bergen.

Samtlege av kommunane vest for Bergen kjem betre ut enn det nasjonale gjennomsnittet i SSB si landsdekkjande undersøking om breibandsdekning i kommunane.

Hopp i tredje kvartal
Øygarden er den kommunen vest for Bergen som kjem aller best ut. Her auka talet på installerte internett i private heimar med heile 5,5 prosent i tredje kvartal. Som eit resultat er 95 prosent av innbyggjarane i kommunen no tilkopla det globale breibandsnettet.

Sund kom best ut sist nettavisa Tunnelsyn skreiv om den lokale breibandsdekninga. Her har dekninga lege stabilt kring 90 prosent sidan våren 2017. Kommunen har no 90,8 prosent dekning. I Fjell er talet 90,3.

Les: Best breibandsdekning i Sund

Lavast dekning har Askøy der berre 86,8 prosent av heimane er tilkopla internett. Dette er einaste kommunen der den prosentvise breibandsdekninga sank i tredje kvartal.

Gjennomsnitt for heile landet er 86,3 prosent.

Talet på mobile breiband vert ikkje omfatta av SSB si undersøking.

Hastigheten varierer
Det er store lokale variasjonar i den digitale nedlastingshastigheten.
I Sund er det prosentvis flest abonnentar som nyt godt av den raskaste nedlastinga. Her har 43 prosent av dei 2.513 private abonnentane ein nedlastingshastighet høgare enn 128 Mbit i sekundet.

I Øygarden nyt ein tredel av abonnentane godt av tilsvarande hastighetar. Fjell kjem like bak, med 31 prosent.

I Askøy har berre kvar femte av dei 9.529 private abonnentane  tilgang på eit breiband med høgare hastighet enn 128 Mbit/s. Her må 57 prosent av abonnentane framleis klara seg med ein hastighet lågare enn 64 Mbit i sekundet, ifølgje SSB.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.