Flyktningane får lov å bli verande i Fjell

Dei ti flyktningane frå Kongo som har kome hit utover kvoten kommunestyret først godkjende, får lov til å bli verande i Fjell.

Fjell var under sterkt press frå UMDI om å ta i mot desse til flyktningane på grunn av måten vi har organisert tenestene på, hevda helsesjef Terje Handal.

Administrasjonen sitt hastevedtak om å utvida kvoten på flyktningar til Fjell i år frå 20 til 30 vekte ny debatt i kommunestyret i dag.

Les: Krev lovlegheitskontroll av flyktningevedtak

Formelt var saka ikkje handtert rett, men ho burde likevel behandlast i dag, meinte Jan Utkilen (SotraLista).

Press frå UMDI
-Vi var under eit veldig press frå UMDI, forklarar helsesjef Terje Handal det sterkt kritiserte administrative vedtaket om å ta mot ti ekstra flyktningar utover den kvoten kommunestyret hadde godkjent.

Fjell fekk denne spesielle henvendinga frå UMDI på grunn av måten vi har bygd opp mottakstenesta, la Handal til.

Dei skulle ha kome i september, men for to veker sidan kom det ti flyktningar frå Kongo til Fjell. Dette er første gong Fjell mottek flyktningar frå dette landet.

-Dette er eigentleg ei gladsak. Fjell har apparat til å ta mot flyktningar, sa Kristin Brennhaug (KrF).

– Det spesielle her er at kommunen har teke mot ti flyktningar før kommunestyret har gjort vedtak om det. Andre får avgjera om det er rett eller gale. KrF synes det er rett å ta mot flyktningar når vi har apparat til å ta mot dei, utdjupa Brennhaug.

-Vi kan jo ikkje seia nei. Flyktningane er her jo alt, innvendte Anita Garlid Johannessen (FrP).

-Det er veldig spesielt at vi skal fatta eit vedtak etter at personane har kome til kommunen. Vi sender jo ingen tilbake. Vi kan ikkje seia nei. Dei er her jo alt, sa Anita Garlid Johannessen (FrP).

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.