-Kommunestyret skal ha siste ordet!

Kommunestyret i Fjell legg opp til full konfrontasjon med fylkesmannen i Hordaland i plansaker.

Tom Georg Indrevik.
Fylkesmannen bør konsentrera seg om sakar med regional og nasjonal interesse. Det er ikkje tilfelle i desse sakane, meinar varaordførar Tom Georg Indrevik (H).

Kommunestyret i Fjell vedtok i dag to reguleringsplanar der fylkesmannen har kome med motsegn. Det gjaldt detaljreguleringsplanane for Møvik bustad- og næringspark og Trettevika på Bjorøy.

Kampen om kva type handel som skal kunne skje i Smålonane har alt fått god merksemd.

Les: Vernar om handelen i Straume sentrum

Med å vedta ytterlegare to detaljreguleringsplanar der fylkesmannen i Hordaland har sterke motførestillingar, legg kommunestyret i Fjell opp til full konfrontasjon med Statens sin mann i Hordaland.

Oppgåvemeldinga
Konfliktane har samanhang med den pågåande diskusjonen om Regjeringa si oppgåvemelding i samband med kommunereforma, medgjev varaordførar Tom Georg Indrevik (H) ovanfor nettavisa Tunnelsyn.no.

– Det er ikkje vi som legg opp til konfrontasjon med fylkesmannen. Det er han som legg opp til ein konfrontasjon med oss, hevdar Indrevik.

Bustadar på kaikanten
Eit samrøystes kommunestyre støtta tilrådinga frå rådmannen om at Møvik Næringspark AS bør få lov til å byggja inntil 36 bustadar i kombinasjon med næringsverksemd på det 23 mål store området i tilknyting til kaien på Møvik. Statens vegvesen og fylkesmannen i Hordaland kom begge med motsegn då planframlegget vart lagt ut på høyring i 2015. Statens vegvesen har seinare trekt si motsegn.

– Vi har ikkje klart å få noko avklaring med fylkesmannen om kva som skal til for at motsegna skal trekkjast, beklaga leiar Henning Ekerhovd (A) i Komitè for Plan og utvikling.

– Dette er ei sak der vi bør få departementet til å avklara kva som er ok og kva som ikkje er ok. Innskrenkingar i tilgangen til sjø kan det ikkje vera. Den vert heller betre som følgje av denne planen, hevda Indrevik.

– Fylkesmannen har vist seg å vera lite pragmatisk. Han tek lite omsyn til kva som faktisk er i området, la Indrevik til.

Daniel Victor Sandvik (FrP) meinte dette er ein fin plan, med ei god løysing. Eit samrøystes kommunestyre burde slutta opp om planen, oppfordra han.

Vil gjera hytter til hus
Fullt like samde var politikarane ikkje når det gjaldt planen for å omgjera fem fritidsbustadar i Trettevika på Bjorøy til seks bustadar. Området ligg i LNF-område, innanfor den funksjonelle strandsona, og er dessutan innanfor gul sone for flystøy.

-Hyttene ligg i eit område som frå før er nedbygd. Diverre var transformasjon av hytteområde eit tema vi ikkje tok med då kommuneplanen vart revidert, hevda Indrevik.

– Planen er i strid med vår eigen arealplan. Slike område burde ha blitt sett under eitt i samband med revisjonen av arealplanen, hevda Anne Hestnes (A).

Ho viste til at ungane i desse bustadane ikkje vil få nokon trygg skuleveg. Dessutan er leikearealet for lite.

– Skal vi senda ein plan til departementet, bør han ta opp viktige regionale og nasjonale interesser. Det er ikkje tilfelle her, hevda Hestnes.

Seriøs?

Fjell kommune bør vurdera nøya kva saker en vel å utfordra fylkesmannen i, elles kan det gå ut over samarbeidet i andre saker, fryktar Atle Justad (A).

Atle Justad (A) var meir oppteken av det strategiske i Fjell kommune sitt samarbeid med fylkesmannen. Sjølv om han ikkje alltid er like begeistra for fylkesmannen si rolle, bør ein sjå på fylkesmannen sin argumentasjon. I den førre saka motviste tiltakshavar fylkesmannen sin argumentasjon. Det kunne han ikkje sjå er tilfelle i denne saka.

– Kva bilete er det vi skal senda til fylkesmannen? Skal vi gje inntrykk av at i Fjell kommune vedtek vi kva som helst, eller skal vi senda eit bilete av at vi tek opp seriøse saker? spurde Justad.

– Eg er meir oppteken av det biletet vi gjev dei av innbyggjarane i Fjell som har initiativ til å byggja ut kommunen. Fylkesmannen skal vurdera regionale og nasjonale omsyn. Det kan eg ikkje sjå er tilfelle her. Mitt fokus er langt meir lokalt, innvende Indrevik.

– Eg er meir oppteken av korleis vi behandlar dei seriøse aktørane og innbyggjarane våre. Om vi får trøbbel med fylkesmannen, vil det gå ut over dei som skal byggja i Fjell, svara Justad.

Planen for Trettevika vart vedteken mot 16 røyster (A, SV, Sp, V og MDG).

Sikker på medhald
Ein optimistisk Tom Georg Indrevik er sikker på at Fjell vil få medhald i departementet. I førre perioden var det eit knapt fleirtal av slike saker som vart avviste. Under den blå regjeringa har derimot heile 80 prosent av sakene blitt avgjort i kommunane sin favør, hevda Indrevik.

– Vi hadde ikkje gjort dette om vi ikkje er rimeleg sikre på å vinna fram. Det er trass alt tiltakshavarane som betaler for denne saksbehandlinga, ikkje kommunen, seier Indrevik til nettavisa Tunnelsyn.no.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.