Sjå finalistane til nytt fylkesvåpen

No har fagjuryen sagt sitt om forslaga til fylkesvåpen for nye Vestland fylke.

Desse fire forslaga til fylkesvåpen har passert fagjuryen sitt nålauga.

Dei fem innhyra designbyråa laga til saman 19 forslag til fylkesvåpen for nye Vestland fylke. Fagjuryen har vurdert fire av dei som eigna til fylkesvåpen.

Prosjektleiar Rune Haugsdal tilrår at forslaget til venstre, natur og landskap, som speglar det klassiske vestnorske fjordlandskapet, vert vald.

Du kan lesa meir om forslaga på heimesida til Hordaland fylkeskommune.

-Eit klassisk heraldisk motiv med historiske røter, samstundes som det er moderne. Fargebruken er tilpassa motivet, og det grøne gjev gode assosiasjonar til det velkjende frodige landskapet på Vestlandet. Ein farge som går igjen over heile fylket og vil vera samlande, lyd fagjuryen sin dom.

Forslaget ved sida av, samtid, kan vera eit godt alternativ når politikarane skal seia siste ordet i desember. Det endelege valet av fylkesvåpen krev at politikarane i fylkestinga i Hordaland og i Sogn og Fjordane vert eining om det same forslaget.

-Ei god tolking av bølgjer og vind. Komposisjonen er godt balansert, og motivet er enkelt og attkjenneleg med rørsler. Fargane understrekar bølgjer, vind og energi, skriv fagjuryen.

Leiinga for nye Vestland fylke gjekk breidt ut og lyste ut ein konkurranse hos innbyggjarane om forslag til nytt fylkesvåpen. Folkefavoritten som innbyggjarane i Hordaland og Sogn og Fjordane stemte fram tidlegare i haust, har designbyråa nytta som inspirasjon.

Les: Vestlendingane har stemt

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.