Frå ”Stjernekamp” til Fjell kyrkje

Algrøy bygdakor og Fjell kulturskulekor skal skapa julestemning saman med Maria Arredondo og Torstein Sødal.

Maria Arredondo og Torstein Sødal skal skapa julesteming i Fjell kyrkje 3. desember saman med Algrøy bygdakor.

Maria Arredondo elskar jula. Dette vert sjette juleturnéen for songaren som i haust har markert seg i NRK-programmet ”Stjernekamp”. Fjell er ein av stadane som inngår i reiseruta for henne og ektemaken Torstein Sødal no i førjulsvekene. 3. desember skal dei setja fjellsokningane i julestemning i Fjell kyrkje.

Nærleik og varme
Lokale kor deltek i konsertane. I Fjell er det Algrøy bygdakor og Fjell kulturskulekor som er utvalde.

– Det er særleg gjevande å møta songglade menneske over heile landet. Den lokale deltakinga gjev ein ekstra nærleik og varme som vi set stor pris på, seier Arredondo.

Byrja med Facebook
I Algøry bygdakor er dei minst like begeistra over å skulla opptre saman med den kjende songaren. Eit samarbeid som byrja med ein Facebook-kontakt for fleire år sidan, seier leiar Ingfrid Madland til nettavisa Tunnelsyn.no.

– Dette vert andre gongen vi syng saman med Maria Arredondo. Samarbeidet om konserten våren 2016 var så kjekt at det ikkje var vanskeleg å seia ja då dei tok kontakt igjen, seier Madland.

Kjende og kjære
På programmet i Fjell kyrkje står eit svært variert utval av kjende og kjære julesongar, samansett med ein juletremedley og ein Disneymedley, ifølgje korleiaren.

Torstein Sødal på si side lovar å gje alt når han saman med Maria Arredondo, Algrøy bygdakor og Fjell kulturskolekor skal spreia musikalsk julestemning i Fjell kyrkje.

Songarane vert akkompagnert av musikarar i verdsklasse. Fiolinisten Avery Brigh er henta heilt frå Nashville.

Eigen julekonsert
Dei 29 medlemmane i det aktive bygdakoret er opptekne av å spreia god stemning i den travle førjulstida. Dette vert ikkje einaste julekonserten dette året. Berre tre dagar seinare skal dei ha sin eigen konsert i Algrøy bygdahall, lovar Madland.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.