Sunken flytedokk var stresstesta

Flytedokken som sokk ved CCB i dag ligg på skrånande sjøbotn på 20 – 60 meters djup.

Den havarerte flytedokken hadde gjennomgått omfattande stresstestar før dagens første oppdrag, seier teknisk direktør Ronny Haufe ved CCB AS. Berre den utlagte oljelensa bak han vitnar om den dramatiske hendinga.

Personalet ved CCB AS på Ågotnes er i sjokk etter at den 206 meter lange flytedokken sokk ved kai under sitt aller første oppdrag i dag. Den uventa dramatikken til trass, lot det til at leiinga ved offshorebasen tok hendinga med fatning.

Les: Flytedokk havarerte under sitt første oppdrag

-At noko gale kunne skje med flytedokken er eitt av dei krisescenariene personalet ved CCB AS har øvd på, seier teknisk direktør Ronny Haufe til nettavisa Tunnelsyn.no.

Det er no klart at det berre var ein person som havna i sjøen, då flytedokken sokk i 11.30-tida i dag. Vedkomande vart berga uskadd på land like etter. Han jobba for ei av verksemdene som var leigd inn i samband med oppdraget.

Skrånande sjøbotn
Berre ei oljelense vitnar måndag ettermiddag om at ein flytedokk verd fleire titals millionar i føremiddag havarerte ved kai ved CCB. Dokken ligg på skrånande sjøbotn. Inne ved land ligg dokken på 20 meters djup. Akterenden ligg på 60 meters djup, seier Haufe.

Korvidt det er fare for at dokken vil synka ned på større djup ønskjer Haufe ikkje å spekulera på. Dokken er posisjonert med anker og kjettingar. Han var og festa med fleire wirer. Då nettavisa Tunnlesyn.no var der, vart det næraste kaiområdet stengt av, i frykt for kva som ville skje i tilfelle ein wire som stod under sterkt spenn ville ryka. Wiren rauk, men utan dramatikk.

Store investeringar
CCB kjøpte den 106 år gamle flytedokken frå BMW Yards på Laksevåg i fjor. Etter at han vart slept til CCB har han gjennomgått ei omfattande ombygging og modernisering før han vart sertifisert for skip opp til 12.000 tonn. Slaktefartøyet Norwegian Gannet, som skulle dokksetjast i dag, veg om lag det halve, ifølgje Haufe.

Stresstestar
Dagens operasjon var det aller første reelle oppdraget etter at flytedokken vart flytta til Ågotnes.

-Før dagens oppdrag har dokken gjennomgått fleire stresstestar, seier Haufe.
Akkurat kva som skjedde, ønskjer den tekniske direktøren ikkje å spekulera på. Det vert opp til Politiet å granska hendinga, og å henta inn relevante instansar som kan bistå i arbeidet. CCB kjem og til å iverksetja si eiga undersøking i samarbeid med forsikringsselskapet, seier Haufe.

Krisesceanario
Eit 20-tals personar var engasjerte med å dokksetja slaktefartøyet Norwegian Gannet då operasjonen vart avbroten. Fartøyet fekk melding om å evakuera. Personalet ved basen gjennomgjekk i ettermiddag ei debriefing. Dei som ønskjer det vil og få tilbod om individuell oppfølgjing, ifølgje Haufe.

Dokken var forsikra. Kva som vidare vil skje, og om han vil verta sett i drift att, er førebels usikkert. Det tekniske utstyret om bord vil ikkje tola noko langvarig opphald under vatn før det tek skade, ifølgje Haufe.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.