Slik håpar Fjell å oppretthalda mest mogeleg av inntektene frå eigedomsskatten

Formannskapet i Fjell håpar Stortinget vil endra forslaget til ny lov om eigedomsskatt, men tilrår samstundes at eigedomsskatten for 2019 aukar frå to til tre promille.

Politikarane, særleg dei i Høgre og KrF, bør driva lobbyveksemd overfor partikolleger på Stortinget for å sikra at det er den høgaste satsen for eigedomsskatt som vert gjeldande ved kommunesamanslåingar, oppfordar partnar Caroline Lund i advokatfirmaet Lund & Co.

Formannskapet i Fjell vart i det ekstraordinære møtet i dag samde om ein strategi for korleis oppretthalda mest mogeleg av inntektene frå eigedomsskatten frå ilandføringsanlegga for olje og gass i nye Øygarden kommune.

Mest folkerik eller høgaste skattesatsen?
Det er eigedomsskattesatsen i den mest folkerike kommunen, året før samanslåinga, som skal gjelda ved kommunesaman-slåingar, hevda finansminister Siv Jensen i eit brev til Stortinget nyleg i samband med ein nær føreståande endring av lov om eigedomsskatt.

Uttalen kom som julekvelden på kjerringa på medlemmane i formannskapet i Fjell, hevda Egil Håland (A). Dei har heile tida rekna med at det er den høgaste skattesatsen som vil verta gjeldande i den nye kommunen.

Stort inntektstap
Vert finansministeren si tolking gjeldande lov, vil det kunna kutta inntektene til nye Øygarden kommune med inntil 126 millionar kroner i åra fram mot 2024, har dei rekna ut på rådhuset i Fjell.

Fjell hentar i dag 5,4 millionar kroner i eigedomsskatt på næring, verk og bruk. Skattesatsen er to promille. I Øygarden gjev sju promille i eigedomsskatt på ilandføringsanlegga på Sture og Kollsnes heile 154,95 millionar kroner i kommunekassen. I Sund får dei inn 10,88 millionar kroner frå bustadar, fritidsbustadar, verk og bruk. Utrekningsgrunnlaget er to promille her og.

Eksperthjelp
Eigedomsskatt den einaste skatten som kommunane sjølv står fritt til å vedta. Men eigedomsskatt er eit komplekst tema. Lovverket er under justering, og finansminister Siv Jensen uttrykkjer seg uklårt om korleis paragrafane bør tolkast, ifølgje ekspertane.

-Forslaget om at det er skattesatsen i den mest folkerike kommunen som skal gjelda, samsvarar ikkje med det som gjeld ved grensejusteringar. Der er det den høgaste satsen som gjeld. Det er ingen grunn til at den nye kommunen skal få lågare sats berre på grunn av kommunesamanslåinga, hevdar partnar Caroline Lund i advokatfirmaet Lund & Co i Oslo. Ho er spesialist på skattlegging av naturressursar, og er henta inn som rådgjevar i prosessen.

-Driv lobbyverksemd!
-Politikarane, særleg dei i Høgre og KrF, bør kontakta partifellene sine på Stortinget for å påverka dei før saka kjem opp der, oppfordra Lund.

Problemet er at politikarane har dårleg tid. Stortinget skal behandla lovendringa alt 12. desember. I tilfelle det ikkje går, bør formannskapet i tillegg gjera lokale tilpassingar i utskrivinga av eigedomsskatten, tilrådde eksperten på eigedomsskatt.

Tilpassing
– Ved å gjera lokale tilpassingar vil Fjell kunna bidra til at nye Øygarden kan oppretthalda mesteparten av inntektsgrunnlaget frå dagens eigedomsskatt, hevdar Lund.

Då Fjell innførte eigedomsskatt for to år sidan, var det nettopp for å tilpassa oss til skattlegginga i Sund og Øygarden, minna Tom Georg Indrevik (H) om.

No trengs det ei ny tilpassing. For å motverka framtidig inntektstap i den nye kommunen, bør Fjell auka skattesatsen på næring, verk og bruk frå to til tre promille neste år, tilrår formannskapet.

Tapar 24 millionar
Med ei vidare opptrapping årleg på ein promille, vil Fjell nå ein sats på seks promille i 2022. Overgangsreglane i samband med kommunesamanslåinga tilseier at tilpassinga av skattenivået dei tre kommunane i mellom ikkje treng vera utført før i 2022.

Med ei slik endring av skattesatsen i Fjell, vil inntektstapet i 2022 verta begrensa til 24 millionar kroner, ifølgje sakspapira.

§3d
Fjell kommune brukar §3d i lov om eigedomsskatt ved utskrivinga av eigedomsskatten. Paragrafen omfattar eigedomsskatt på næringseigedom, kraftinstallasjonar medrekna ilandføringsanlegg for petroleum og oppdrettsanlegg. Det bør kommunen halda fram med sjølv om verk og bruk no fell vekk som eit eige utskrivingsalternativ, tilrår eksperten på eigedomsskatt.

På høyring
Forslaget skal no leggjast ut på høyring, og skal innarbeidast i Fjell-budsjettet for 2019.

Du kan lesa saksinnstillinga, med dei to andre alternativa, på Fjell kommune sine heimesider.

Advertisements

2 Comments

  1. Om dette vert slik er det eit kommuneran! Dersom regjeringa gjer dette må ein reversere heile samanslåinga.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.