– Er eg habil?

Dagleg leiar, styremedlem og aksjonær Ernst Morten Einarsen i Sartor Storsenter AS og Sartor Holding AS tok sjølv opp spørsmålet om eigen habilitet då formannskapet i Fjell behandla saka om auke i eigedomsskatten for næring, verk og bruk i 2019.

Kontrollerer milliardverdiar i næringseigedom på Straume gjennom Sartor Storsenter AS og Sartor Holding AS, leiar Ernst Morten Einarsen i Komité for drift og forvaltning.

Komitéleiar for Drift og forvaltning, Ernst Morten Einarsen (H), møtte som vara for partifelle Helena Morland Hansen då formannskapet i Fjell i eit ekstraordinært møte behandla forslaget om å auka eigedomsskatten for næring, verk og bruk frå to til tre promille i 2019.

Les: Slik håpar Fjell å oppretthalda mest mogeleg av inntektene frå eigedomsskatten

Eigedomsskatten for næring, verk og bruk i Fjell innbring 5,4 millionar kroner for 2018. Skatten utgjer to promille av 65 prosent av verditaksten på ein eigedom.

-Eg er ein stor bidragsytar til innbetalinga av eigedomsskatt i Fjell. Er eg habil til å delta i debatten, spurte Einarsen dei andre medlemmane i formannskapet.

Særleg fordel eller tap?
Ein som er part i saka, eller som kan dra særleg fordel, tap eller ulempe av ei avgjerd er ugild til å behandla saka, ifølgje Forvaltningslova §6.

Vidare er ein som har ei leiande stilling i, eller er medlem av styret i eit føretak som er part i saka, ugild til å treffa avgjerd i ei sak.

Forvaltar milliardverdiar
Som dagleg leiar, styremedlem og aksjonær i Sartor Storsenter AS og Sartor Holding AS forvaltar Ernst Morten Einarsen milliardverdiar i næringseigedom.

Personleg eig Einarsen 12,4 prosent av Sartor Holding AS. Tomtar, bygg og annan fast eigedom i verksemda sitt eige er aleine verdsett til 416,9 millionar kroner i rekneskapen for 2017.

Les: Kontrollerer verdiar for 4 milliardar

Mest verdifulle eigedomen
Ifølgje takseringsarbeidet som var gjort før eigedomsskatt på næring, verk og bruk vart innført i kommunen i 2016, er handlesenteret på Straume den aller mest verdifulle eigedomsmassen i Fjell.

Før den siste utvidinga vart teken i bruk, vart handlesenteret taksert til 695 millionar kroner, vurdert ut frå leigeinntekter, driftskostnadar og ein forsiktig anteken salspris.

Les: Milliardverdiar i næringseigedom

Ikkje storleiken som avgjer
Anita Garlid Johannessen (FrP), syntes det var vanskeleg å avgjera kva som er stort og kva som er lite i denne saka.

-Om vi hadde hatt eigedomsskatt på bustad, ville vi alle ha vore inhabile. Eg stemmer for at han er habil, sa Garlid Johannessen.

Odd Bjarne Skogestad (KrF) hella i same retning:
– Det er ikkje storleiken som avgjer. Om vi skal erklæra han inhabil, må det vera ut frå prinsippet, sa Skogestad.

-Eit vanskeleg spørsmål. Vi skal ikkje treffa noko avgjerd her i dag. Vi skal berre leggja saka ut på høyring. Vi må likevel få ei avklaring før vi skal fatta ei avgjerd om dette i kommunestyret. Der vil det også vera andre representantar med store eigedomsinteresser, forsvara Egil Håland (A) Einarsen si deltaking under sakshandsaminga i formannskapet.

Håland fekk støtte av ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (A):
– I dag er Ernst Morten Einarsen habil.

Einarsen tok ikkje ordet under debatten. Det var eit samrøystes formannskap som vedtok å leggja forslaget om å auka eigedomsskatten ut på høyring. Etter høyringa skal kommunestyret ta endeleg avgjerd i saka, i samband med budsjettbehandlinga.

Velkjent problemstilling
Problemstillinga om Einarsen sin habilitet er ikkje ny. Nettavisa Tunnelsyn.no har ved fleire høve tek opp det problematiske kring Sartorsjefen sine mange dobbeltroller.

Les: Einarsen unnslapp uavhengig habilitetsvurdering

Les: Komitéleiar løyvde millionar til eiga verksemd

Som leiar for Komité for Drift og forvaltning, er Einarsen med på å leggja til rette grunnlaget for dei avgjerdene komitéen fattar. Er han ugild i ei sak, vil komitéen ikkje kunna treffa avgjerd i saka, ifølgje Forvaltningslova.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.