-Det viktigaste er at det er lys i vindauga på Rong etter klokka 15

PTA Eiendom AS og styreleiar Atle Ulveseth får truleg kjøpa kremtomten i sjøkanten på Rong betydeleg under takst.

Formannskapet i Øygarden vil selja denne tomten i sjøkanten på Rong til ein realistisk markandspris, ifølgje ordførar Børge Haugetun.

Det var PTA Eiendom AS som i vår henvende seg til Øygarden kommune med spørsmål om å få kjøpe den 3,9 mål store tomten så og seia i sjøkanten på kommunesenteret Rong. Ein tomt som er regulert for ei bustadblokk på fem etasjar.

Les: Får kjøpa kommunal kremtomt for ni millionar

Etter fleire rundar i formannskapet, har formannskapet overlate til rådmann Siri Fahlvik Pettersen og Utval for drift og samfunnsansvar (UDS) å forhandla fram vilkåra for ein avtale med PTA Eiendom AS.

Droppar krav om takst
Vedtaket formannskapet til siste landa på seier ingenting om at tomten skal seljast til takst.

– Takstane på åtte og ti millionar er sikkert greie nok, hadde tomten lagt meir sentralt. Vi ønskjer å få ein realistisk marknadspris for tomten, seier ordførar Børge Haugetun (TVØ) i ein kommentar til nettavisa Tunnelsyn.no.

Mykje sprenging
Tomten er kupert, og krev omfattande spreingsarbeid. Utbyggjar vil måtta ut med 40.000 kvadratmeter per kvadratmeter før han er klar til å byrja å byggja. Vi ønskjer å få nytta dei utsprengte steinmassane til kommunale føremål på Rong. Skulle vi ha betalt for å få tilkøyrt stein, hadde det kosta oss nokre millionar, det og, seier Haugetun.

– Det viktigaste for oss no er at det vert bygd fleire bustadar på Rong, slik at det vert lys i vindauga også etter klokka 15. Elles er eg redd vi får dårlege forhandlingskort når tenestene i den nye kommunen skal lokaliserast, forsvarar Haugetun vedtaket.

Rong senter
Vedtaket i formannskapet legg opp til at PTA Eiendom skal tilpassa framdrifta på tomten med framdrifta i UDS sine eigne planar i kommunesenteret.

PTA Eiendom AS er største eigar og drivkraft i utbygginga av Rong Senter. Største eigar er Brødrene Ulveseth AS med 50 prosent. Peder B. Torsvik er dagleg leiar og minoritetsaksjonær. Atle Ulveseth er styreleiar i verksemda.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.