Meinar dei veit korleis fregattkollisjonen skjedde

Statens Havarikommisjon har ingen indikasjon på at tekniske system om bord på KNM Ingstad ikkje har fungert etter intensjonane. Derimot er det teikn på at fregatten sine vasstette system ikkje har fungert. No åtvarar dei om at same feilen kan gjelda andre fartøy.

KNM Helge Ingstad slik fregatten framleia ligg utanfor Stureterminalen etter kollisjonen med tankskipet TS Sola 8. november. Arkivfoto: Forsvaret.

Dette er hovudbodskapen i Statens Havarikommisjon sin førebelse rapport om kva som skjedde då fregatten KNM Helge Ingstad kolliderte med tankskipet TS Sola utanfor Stureterminalen i Øygarden 8. november.

Les: Fregatt med sterk slagside etter kollisjon ved Stureterminalen

Førebels rapport
Den førebelse rapporten som vart offentleggjort i dag, skisserer hendingsforløpet fram til kollisjonen, og gjev ei oppdatering av framdrifta i Havarikommisjonen si undersøking.

Havarikommisjonen har ikkje mandat til å fordela rettsleg skuld og ansvar mellom partane.

All informasjon
Ulukka vedkjem mange på ulike nivå, både på militær og sivil side. Havarikommisjonen har fått tilgang til all informasjon, frå alle partar. Dei har og hatt folk om bord på Sola TS, og fått tilgang til lyd og bildeopptak frå brua der.

Stasjonært objekt
Slik dei forklarer seg frå brua frå KNM Helge Ingstad, var lysa frå Stureteminalen synleg frå fregatten medan TS Sola framleis låg ved kai. Frå fregatten var det vanskeleg å skjelna mellom lysa frå tankskipet og frå terminalen, forklarte Ingvild Ytrehus i Havarikommisjonen.

Då tankskipet byrja siga ut frå kaien, såg dei ikkje navigasjonslanternene på grunn av manøvreringa til tankskipet. Dei trudde difor lenge at tankskipet var eit stasjonært objekt.

Då mannskapet på brua på fregatten fekk beskjed om å svinga styrbord, var dei overtydde om at det ikkje var mogeleg, at lysa dei hadde sett var stasjonære og at ein styrbord sving ville føra dei inn i Sola.

Teknikken fungerte
– Havarikommisjonen har ingen indikasjonar på at tekniske system om bord på KNM Ingstad ikkje har fungert etter intensjonane fram til kollisjonen. Derimot er det teikn på at fregatten sine vasstette system ikkje har fungert, seier undersøkingsleiar Håvard Berntsen.

Inga einkelt handling
Tok tid før mannskapet om bord på fregatten vart klar over at dei var på kollisjonskurs. Tankskipet slo full bakk i maskina og fregatten freista då å gjera ein unnamanøver i siste liten, men det var for seint.

-Det var inga einkelt handling eller hending som førte til ulukka, konkluderer Kristian Haugnes i Sjøforsvaret sin havarikommisjonen.

Fregatten mista kontroll over roret og framdrifta. Skipet haldt fram ukontrollert mot land og grunnstøytte 10 min seinare. Det fekk aukande vassfylling, som etterkvart vart så stor at mannskapet evakuerte.

Sikkerhetskritisk funn
– Havarikommisjonen har gjort eitt sikkerhetskritisk funn når det gjeld fartøyet si vasstette inndeling, seier Haugnes.

– Vi må anta at funnet og gjeld dei fire andre fartøya i Nansen-klassen. Det kan ikkje utelukkast at det og gjeld andre fartøy med same design levert av skipsdesignaren Navantia, legg Haugnes til.

Åtvaringar
Havarikommisjonen går no ut med to sikkerhetskritiske varsel, basert på dei førebelse funna i undersøkinga.

Forsvarsmateriell, i samarbeid med Sjøforsvaret, vert oppfordra om å undersøka funna og iverksetja naudsynte tiltak for å ivareta tryggleiken om bord på dei fire andre fregattane.

Skipsdesigner Navantia vert oppfordra om å undersøkja funna og kartleggja om dei også gjeld andre fartøy. Om naudsynt må dei varsla andre skipsbyggjeverft, eigarar og operatørar og gje råd om naudsynte tiltak.

2 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.