Sotra framleis raud sone for lakselus

Utsiktene til at lokale oppdrettsanlegg skal få auka produksjonsvolumet neste år har ikkje akkurat blitt lysare etter dagens rapport om lakselus.

Lakselus frå oppdrettsanlegga er ein stor trussel mot villaksbestanden. På strekkja Karmøy – Sotra vert risikone vurdert å vera så stor at lokale havbruksanlegg står i fare for ikkje å få tildelt konsesjonar for auka produksjonsvolum. Foto: Havforskingsinstituttet.

Sjøområdet Karmøy – Sotra er framleis det produksjonsområdet for laks som har høgast fare for dødelighet på villaks som følgje av lakselus, ifølgje ein dagsfersk statusrapport frå styringsgruppa for vurdering av lakseluspåverknad. Ei tverrfagleg gruppe nedsett av Handels- og fiskeridepartmentet.

Fiskeridepartementet har delt kystsona inn i 13 produksjonsområde for oppdrett. Tildeling av nye konsesjonar og løyve til auka produksjonsvolum vert avgjort ut frå miljøindikatorar. Viktigaste indikatoren i det sokalla trafikklyssystemet er risikoen for påverknad av lakselus på villfisken i området.

Les: Lokalt havbruk har fått vekstforbod

Ved den forrige kartlegginga vart også havbruksanlegg på strekninga Nordhorldand – Stadt omfatta av raud sone. Der vert farenivået no redusert til moderat risiko for lakselusindusert villfiskdødelighet.

Du kan lesa heile statusrapporten her.

Fiskeridirektør Liv Holmefjord er mellom dei som har etterlyst bruk av fleire indikatorar i raudlysssystemet. Ho har stor tru på at færre, men større anlegg er det som skal til for  sikra framleis vekst i produksjonsvolumet i merdene i Hordland.

Les: Plankonferansen: Fiskeridirektøren vil ha fleire raudlysindikatorar

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.