Ekspropiasjonssøknad løyste skittsak i Tælavåg

Huseigarane i Tælavåg som fekk pålegg om å utbetra det lekke avløpsanlegget, vart oppfordra av Sund kommune til å søkja om ekspropiasjon. No får dei ettergjeve to tredelar av tvangsmulkta.

Det var ikkje huseigaren aleine som hadde skulda for at forureiningsaka i tælavåg drog så ut, er dei samde om leiar Svein Otto Jacobsen (FrP) og nestleiar Per Rune Eikeseth (H) i Planutvalet i Sund. Foto: Øygarden FrP.

Pålegg etter forureiningslova kan tidvis vera vanskelege å gjennomføra, av di tiltaka gjerne krev tilkomst over annan manns grunn for å leggja røyrleidningar. Å løysa slike konfliktar privatrettsleg tek tid og kostar pengar. I Sund risikerer uheldige tiltakshavarar å pådra seg dagmulkter i medan juristane kranglar.

Slik var det også for Alden Magnussen Eiendom AS og utleigebustaden i Tælavåg. Forhandlingane med naboane om grunn til røyrleidningane førte ikkje fram, og Sund kommune ville ikkje godkjenna verken privat minireinseanlegg eller slamavskiljar. Klagene til fylkesmannen førte ikkje fram.

Råd frå kommunen
Ekspropiasjon har lenge vore eit fyord i kommunane vest for Bergen. Like fullt var det stikkord for rådet sakshandsamarane i Sund kommune gav eigarane av Alden Magnussen Eiendom AS:

– Søk om ekspropiasjon, så stoppar vi dagmulktene, oppfordra sakshandsamarane i Sund kommune eigarane av Alden Magnussen Eiendom AS.

Dialogmøte
Det var under eit dialogmøte mellom kommunen og huseigaren at rådet vart gjeve. Møtet fann stad nærare tre år etter at verksemda først fekk pålegg om å utbetra det lekke avløpsanlegget og stoppa forureininga.

– Saka kom aldri så langt som til ekspropiasjon. Då grunneigaren fekk kjennskap til kva som var i gjære, fann han ut at det var best å koma fram til ein avtale, seier leiar Svein Otto Jacobsen i Planutvalet i Sund.

Vel eit halvår seinare er faren for forureining eit avslutta kapittel. Sund kommune har skrive ut ferdigattest på tiltaket.

Dagmulkter
I ei ekstrasak i går behandla planutvalet søknaden frå Alden Magnussen Eiendom AS om å få ettergjeve dagmulkter på til saman 62.400 kroner.

-Det var ikkje huseigaren aleine som gjorde at denne saka drog slik ut i tid, konstaterte utvalsleiar Svein Otto Jacobsen (FrP).

-Dialogmøtet løyste veldig opp i situasjonen. Straks huseigar forstod at søknad om ekspropiasjon var det som skulle til, gjorde dei det som skulle til for å gjennomføra pålegget, la Jacobsen til.

Tapte leigeinntekter
For May Britt Hevrøy (Sp) var det mest avgjerande at huset har stått tomt mesteparten av tida etter at lekkasjen vart meld, slik at det i praksis ikkje har skjedd noko særleg forureining.

-Huseigar har stått utan leigeinntekter i over eitt år. Det synes eg vi skal ta omsyn til, utdjupa Per-Rune Eikeseth (H).

Ettergav 40.000
Alden Magnussen Eiendom AS burde berre betala 10.000 – 20.000 kroner av dagmulkta, meinte Jacobsen.

Tvangsmulkta bør reduserast til 20.000 kroner, vart politikarane samde om etter diskusjon i utvalet.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.