-Alkohol og boksing høyrer ikkje saman

Alkohomservering kan ikkje tillatast i samband med idrettsarrangment i Fjell, ifølgje dei alkoholpolitiske retningslinene, hevda Odd Bjarne Skogestad (KrF).

Proffboksaren Tim-Robin Lihaug spelar VM-kamp i Sotra Arena i mars. Skal publikum få lov å nyta alkohol under kampen?

Søknaden om løyve til servering av øl og vin i samband med VM-kampen inspirerte medlemmane i formannskapet i Fjell til den mest intense diskusjonen på lang tid.

Kva er det arrangørane har søkt om, eigentleg?

Restriktive retningsliner
Fjell kommune har vedteke restriktive reglar for servering av alkohol i offentlege samanhangar. Idrett og alkohol er eit absolutt no-go, ifølgje dei politisk vedtekne retningslinene, hevda Odd Bjarne Skogestad (KrF).

Særskilde høve
På den andre sida opnar retningslinene for at det kan serverast øl og vin i Sotra Arena under særskilde høve. Er VM-kampen ein slik særskild anledning? Kommunestyret har overlate til formannskapet å avgjera kva som vil vera ei spesiell anledning, sa ordførar Marianne Sandahl Bjorøy.

– Kva er det spesielle her, undrast Egil Haaland (A).

Finansiera arrangementet
Arbeidarpartirepresentanten hadde lese både sakspapira og søknaden frå arrangørane, og hadde konkludert med at det spesielle i dette tilfellet er at arrangørane treng inntekta frå alkoholsalet for å finansiera kostnadane med kampen.

– Alle idrettsarrangement treng pengar. Om vi seier ja her, vil det gjelda for alle framtidige idrettsarrangement. Fjell kommune gjev alt ei betydeleg støtte til arrangementet. Arrangørane får låna Sotra Arena gratis og betalar ikkje leige. Om dei ikkje klarar gjennomføra arrangementet utan alkoholservering, får dei finna på noko anna, hevda Haaland.

Konkurs utan alkoholsal
Tom Georg Indrevik (H) har vore på idrettsarrangement der det har vore servert alkohol både før, under og etter kampen. Sjå berre på Brann Stadion. Dei hadde gått konkurs for lenge sidan om det ikkje var for alkoholsalet, argumenterte varaordføraren.

– Om vi seier nei, kan vi ikkje rekna med at bokseforbundet vil arrangera fleire VM-kampar i Sotra Arena, frykta Indrevik.

Roleg og ryddig
– Om dette ikkje er eit spesielt arrangement, kva er då eit spesielt arrangement, undrast Svein Bergh (SotraLista). I likhet med Indrevik har han vore på mange idrettsarrangement, både i Norge og i utlandet, med alkoholsal, og der alt har gått roleg og ryddig føre seg.

-Her går det ikkje på det ryddige. Vi må sjå på det prinsipielle. Å servera alkohol i samband med idrettsarrangement er eit signal eg ikkje vil støtta, innvende Skogestad.

Uklår søknad
Fleire av politikarane var i utgangspunktet positive til skjenking, men stussa over kva det eigentleg var arrangørane søkte om løyve til.

Gjeld søknaden alkoholservering i samband med eit boksestevne, med fleire kampar i ulike aldersgrupper, eller snakkar vi om den konkrete VM-kampen til Lihaug?, undrast fleire av dei folkevalde.

Aldersgrense
Vert det 18-års aldersgrense for heile arrangementet, eller er det berre for området der dei planlegg å servera alkohol? spurte Olav Kobbeltveit (V).

Om aldersgrensa gjeld for heile arrangementet, var han i utgangspunktet positiv til søknaden.

Politikarane i formannskapet nærast plukka søknaden frå kvarandre, og enda opp med fleire spørsmål enn svar.

I mangel på gode svar, vedtok formannskapet i Fjell å utsetja behandlinga av søknaden. No vert det opp til arrangørane å presisera søknaden.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.