Sandhal Bjorøy skeptisk til byvekstavtale

Å underteikna ein avtale om arealbruken i ein byvekstavtale no, er ordførar Marianne Sandahal Bjorøy svært skeptisk til.
(Saka er oppdatert med lenkjer.)

Ordførar Marianne Sandahl Bjorøy i Fjell er skeptisk til å underteikna ein forpliktande byvekstavtale om arealbruken i Fjell så lenge kommunen ikkje har utsikt til å få pengar til gjennomføring av tiltak.

Les: Krev nullvekst for lokaltrafikk i Fjell i byvekstavtale

Frustrasjonen i nabokommunane til Bergen er stor. Forhandlingane med Samferdselsdepartementet, Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune om ein ny byvekstavtale for Bergensområdet har i praksis stått i stampe etter at representantane for Fjell, Askøy, Lindås og Os kommunar marsjerte ut av møtet 3. oktober, fortalde ordførar Marianne Sandhal Bjorøy under dagens møte i formannskapet i Fjell.

Les: Ein byvekstavtale vil påverka arealpolitikken

-Vi ønskjer å vera med, men vil først koma med tiltak i neste runde, når vi har utsikt til å få noko att, utdjupa Sandahl Bjorøy.

Å forlenga bybanen til Fyllingsdalen er det store tiltaket i neste byvekstavtale. Om den økonomiske ramma ikkje vert utvida, vert det vanskeleg for oss å delta. Vi må i det minst sjå ei krone att, og der er vi ikkje i dag, seier ordføraren i Fjell.

-Vi går på møter. Vi heng jo med, oppsummerer Sandhal Bjorøy korleis ordførarane i nabokommunane til Bergen oppfattar situasjonen.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.