Vil behalda Nest-Sotra i 1. divisjon

Nest-Sotra skal ikkje rykka ned frå 1. til 8 divisjon på grunn av eit rente- og avdragsfritt lån frå Fjell kommune på 2 millionar heilt tilbake i 2006.

For 12 år sidan gav Fjell kommune den lokale fotballklubben Nest-Sotra eit rente- og avdragsfritt lån på to millionar. No krev Norges Fotballforbund at kommunen må avskriva lånet, elles vil klubben rykka ned til 8. divisjon på grunn av elendig økonomi, kunne ordførar Marianne Sandahl Bjorøy (A) fortelja formannskapet i Fjell under dagens møte.

Det betyr litt for Fjell å ha eit fotballlag i 1. divisjon, tenkjer politikarane i formannskapet i Fjell. Foto: Nest-Sotra.

-Lånet vart gjeve under føresetnad av at det var eit tilskot, understreka ordføraren.

-Nest-Sotra er ikkje aleine om å ha negativ eigenkapital som følgje av bokføringa av kommunale lån. Fjell kommune har gjeve fleire slike rente- og avdragsfrie lån til lokale idrettslag. Vi treng å få opp ei eiga sak på dette, ifølgje Sandahl Bjorøy.

-Låna var avgjerande for at Nest-Sotra fekk spela. Om dei ikke får ettergjeve lånet, vert konsekvensen at dei ikkje får spela i 1. divisjon neste år, men rykkjer ned i 8. divisjon på grunn av negativ eigenkapital, seier Sandahl Bjorøy.

Dei siste åra har Nest-Sotra spelt på dispensasjon. No krev Norges Fotballforbund ei avklarig på den økonomiske situasjonen.

-Dette er noko Fellesnemnda har teke opp og som vi må rydda opp i før 31.12.2019. Vi kan ikkje ta slike lån med oss inn i den nye kommunen, sa Tom Georg Indrevik (H).

-Det er forskjell på 1. og 8. divisjon, samstemte Odd Bjarne Skogestad (KrF). Det betyr litt for Fjell å ha eit lag i 1. divisjon.

I påvente av ei sak som avklarar dei ulike låna Fjell kommune har gjeve til lokale idrettslag opp gjennom åra, ønskjer formannskapet i Fjell å beroliga Norges Fotballforbund om at eigenkapitalsituasjonen til det lokale 1. divisjonslaget i fotball ikkje er så elendig som han kan sjå ut i rekneskapane.



Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.