Frå subsea til hav

GCE Subsea skiftar namn.

Owe Hagesæther. Foto: GCE Subsea.

Subsea-klynga med utgangspunkt på CCB på Ågotnes skiftar namn frå GCE Subsea til GCE Ocean Technology.

Namneskiftet signaliserer ei utvikling som har pågått sidan oljeprisfallet i 2014, og som har ført til at stadig fleire av partnarane og medlemmane i klynga har funne det økonomisk interessant å tilpassa undervassteknologien til tilstøytande marknadar, som havbruk og vindkraft.

Parallelt har det skjedde eit skifte i den nasjonale politikken, i retning klimaendringar og grøn energi.

Ei utvikling som kom tydeleg til orde då klynga inviterte til informasjonsmøte om dei internasjonale marknadsutsiktene tidlegare denne veka.

-Offshoreverksemdene har høg teknologisk kompetanse. Vi har sett at det er ein stor heimemarknad for teknologioverføring til havbruk. Mange av aktørane har erfart at det inntektsgrunnlaget dei mista innan olje og gas kan dei no henta inn att gjennom havbruk, sa CEO Owe Hagesæther.

-Olje og gass vil sjølvsagt vera hovudinntekta, og ein drivar for utviklinga,  i det minste ti år fram i tid, men for eindel vil havbruk og offshore vind verta større, sa Hagesæther.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.