Godt nytt for Kollsnes

Olje og energidepartementet si godkjenning av planen for tredje fase av Troll A vil innebera aktivitet ved Kollsnesanlegget til etter 2050.

Troll A. Foto: Equinor/Ole Jørgen Bratland.

Det enorme gassfeltet Troll A er ei av dei største pengemaskinene på norsk sokkel. Sidan prorduksjonsstart i  1995 har feltet generert inntekter på kring 1400 milliarder kroner, tilsvarande 175 millioner kroner per dag, ifølgje ei pressemelding frå Equinor.

Gassen frå Troll A vert ført i land til Kollsnes. For dei er dette godt nytt, då utbygginga vil sikra aktivitet til etter 2050.

I denne runden er det snakk om å investera 7,8 milliardar kroner, ifølgje planen for utbygging og produksjon som departementet no har vendt tommelen opp for.

Med ein produksjonspris på under 10 dollar fatet vil utbygginga av fase tre av Troll A verta eit av dei mest lønsame i Equinor sin historie, ifølgje Torger Rød, direktør for prosjektutvikling.

Utbygginga vil gjera det mogeleg å henta ut ytterlegare 2,2 milliardar oljeekvivalentar frå feltet.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.