Kommentar: ROS-analysen og Straumeplanen

ROS-analysen for nye Øygarden bør vurdera ytterlegare sentralisering i Straumeområdet som ein trussel mot folkehelsa.

Det er mange tankar om korleis det sentrale Straume bør utviklast. Å verta treft av den ville urbanismen er ein reell risiko for innbyggjarane i einebustadområda kring Sartor Senter no når Kommunedelplanen for Straume skal reviderast. Illustrasjon: Statens vegvesen.

Fjell, Sund og Øygarden har fått kritikk frå fylkesmannen i Hordland for manglande beredskapsplanar. For å lukka avvik etter statleg tilsyn, har kommunane utarbeida ein felles ROS-analyse.

Nye tema
Ei samanlikning med Fjell sin kommune-ROS frå 2010 viser at risikovurderinga er oppdatert med ei rekkje nye tema.

Kan vi no vera trygge på at ”alt som kan gå gale” verkeleg er teke høgde for i denne siste analysen?

Les: Alt som kan gå gale

Ein ROS-analyse skal vurdera risikofaktorar mot liv og
helse, også folkehelse, bygningar og kritisk infrastruktur.

Ordførar Børge Haugetun (TVØ) i Øygarden har gjeve uttrykk for at uønska hendingar ved ilandsføringsanlegga Sture og Kollsnes i det minste bør nemnast, sjølv om kommunen ikkje vil vera den som primært skal handtera slike hendingar.

Egil Haaland (A) i Fjell framhevar at analysen tek opp dei mange ungdomane som dett utanfor skulen, og at dei kan koma til å utvikla seg til ein framtidig risikofaktor.

Silotenking
Kommunane byrjar i aukande grad å innsjå at for å få til gode løysingar må dei tenkja heilskapleg, på tvers av sektorar. Sokalla «silotenking» er eit fyord under administrasjonar som strebar etter å leva opp til ideala innan new public management.

Ved eit av politikken sine mange tilfeldige samantreff, diskuterte formannskapet i Fjell ROS-analysen same dag som dei fekk presentert evalueringa av tolv år med Kommunedelplan for Straume. Ein plan som no skal reviderast.

Offentleg maktbruk
”Sentralisering” og ”fortetting” er fenomen som i stadig sterkare grad vert pressa på oss. Den blå regjeringa, særleg ved kommunal- og moderniseringsministrane Jan Tore Sanner og Monica Mæland, har demonstrert at tvang og offentleg maktbruk er noko innbyggjarane i stadig aukande grad vil måtta forventa.

Det bør vera nok å nemna ”byvekstavtale”. Saman med Hordaland fylkeskommune sine vedtekne planar for regionale sentre og for transport og arealbruk, inneheld det Regjeringa kallar ”klimatiltak” eit høgt lokalt konfliktpotensiale.

Les: Krev nullvekst for lokaltrafikk i Fjell i byvekstavtale

Planterror
Tolv år med Straumeplanen har vist at ei hardhendt verkeleggjering av denne typen vekstvisjonar sjeldan går føre seg utan tårer. Politikarane i Fjell veit at dei undervegs i prosessen har vedteke planar som har fått gamle damer til å gråte i full offentlegheit. Dei ønskjer berre ikkje å sjå det.

Kommunedelplanar med tilhøyrande reguleringsplanar er langsame og pinefulle prosessar. For dei som ufrivillig vert fanga av prosessane kan det koma til å innebera tiår med utryggleik og angst.

Signala frå drøftinga i KPU denne veka av reguleringsplanen for ”Heimtun” og skjebnen til innbyggjarane i det tilliggjande området mellom Høgestølen og Lonavegen, er urovekkjande med tanke påden føreståande revisonjonen av KDP-en.

Oversikten over bustadar til sals avslører at det ikkje akkurat er mangel på blokkleilighetar i Straumeområdet. Like fullt verkar det som om administrasjonen og politikarane på kommunehuset er samde om å rasera dette veletablerte einebustad-området.

Å verta fråteken heimen sin gjennom ein reguleringsplan er eit alvorleg overgrep. Å gå slik i uvisse i år etter år kan knekkja sjølv den sterkaste.

Det gjeld ikkje berre dette eine området. Kommunedelplanen har utløyst konfliktar på mange plan.

Les: Opnar for Straumekonfliktar 2.0

Regjeringa forsvarar sentraliseringa som eit klimatiltak. Sett frå Straume representerer den statlege sentraliseringsmanien silotenking i sin mest einauga form.

Ei ytterlegare opptrapping av det som frå innbyggjarane si side i sin ytterste konsekvens kan koma til å verta oppfatta som statsautorisert terrorisme, kan visa seg å få uheldige konsekvensar på uante område.

For innbyggjarane i nye Øygarden er risikoen for å verta treft av den ville urbanismen vesentleg høgare enn for å verta utsett for mange av dei hendingane som vert lista opp i ROS-analysen.

I ROS-analysen bør sentraliseringa i Straumeområdet i det minste vurderast som ein trussel mot folkehelsa.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.