Dei tilsette vil ha KLP

Vil politikarane i Fellesnemnda følja dei tilsette sitt råd om å velja KLP som pensjonsleverandør?

Val av felles pensjonsleverandør er ei av det tyngste økonomiske avgjerdene Fellesnemnda må avgjera før 31. desember neste år. Totalt vil det vera snakk om å forvalta innbetalte pensjonsmidlar på vel 1,5 milliardar kroner på vegne av nærare 2.600 noverande og tidlegare tilsette.

Fjell har i dag eigen pensjonskasse. Sund og Øygarden er begge melde inn i KLP.

Ei eiga pensjonskasse vil vera mest lønsamt på kort sikt, avdi kommunen har få pensjonistar og få uføre. Etterkvart som talet på pensjonsmottakarar aukar, vil det verta meir fordelaktig å vera med i eit større fellesskap, konkluderer AON Norge i rapporten som ligg til grunn for saksutgreiinga.

Les: Konkurrerer med dei beste

Partssamansett utval drøfta saka i går. Utvalet, som er sett saman av ni politikarar frå Fellesnemnda og seks representantar frå dei tillitsvalde, konkluderte med at KLP vil vera det beste valet.

KLP er einaste nasjonale tilbydar av offentleg tenestepensjonsordning.

Politikarane i det partssamansette utvalet gav ulike signal om kvar dei står, ifølgje heimesidene til Vår nye kommune. Politikarane i Fellesnemnda skal seia siste og avgjerande ordet i saka komande mandag.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.