Prisdryss i Skogsskiftet

Utdeling av velfortente prisar under årets siste møte i kommunestyret i Sund.

Det vart delt ut to prisar:

Beste arbeidsmiljøet i Sund: Glesnes barnehage. Foto: Sund kommune.

Glesnes barnehage fekk arbeidsmiljøprisen for 2018. Barnehagen peika seg ut mellom dei sju innkomne forslaga, sa Solveig Lerøy på vegne av dei tilsette i kommunen.

Fire kriterier låg til grunn for utvelginga:
-Glede og nærvær
-Trygt og godt arbeidsmiljø
-Inkluderande arbeidsliv og
-Det å setja folkehelse på dagsorden

-Ein stor inspirasjon til å gå vidare med HMS-arbeidet, sa Evelyn Spilde då ho tok mot prisen på vegne av dei tilsette i barnehagen.

-Vi er ein gjeng som har jobba saman i mange år og som har det veldig kjekt på jobb, la Spilde til.

Kulturprisen
Årets tildeling av kulturprisen peikar framover mot kommunesamanslåinga: Vinnaren, Sotra husflidslag, er eit lag med aktivitet både i Sund og Fjell, grunngav ordførar Kari-Anne Landro tildelinga dette året.

Laget har arbeidd mykje med handarbeidstradisjonar, og har samla inn og registert mange gamle plagg. Dei har og utarbeidd ein ny variant av Sotrabunaden som vart teken i bruk i år.

Konkurransen om Øygardsgensaren vekta engasjement. Dette er dei seks innkomne forslaga. Arkivbilete.

Eit prosjekt som ikkje er rekna med i tildelinga, men som likevel må nemnast, er kåringa av Øygardsgensaren.

Les: Vi har ein vinnar

-I det stille, gjennom mange år, har husflidlaget lagt ned eit viktig arbeid for den felles kulturarven vår. Dei bring vidare tradisjonar, men er og med på å utvikla nye handverkstradisjonar, helsa Landro.

 

 

 

 

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.