Kuttar skatten for dei rikaste – ingenting til dei mest vanskelegstilte

Skatten på næring skal fjernast neste år. Dermed tapar Fjell kommune 4, 9 millionar i inntekt.

Næringslivsleiarane i Fjell slepp knusa sparegrisen til ungane for å koma seg gjennom 2019. Arkivbilete.

Etter lang diskusjon i kommunestyret fekk Høgre fleirtal for framlegget om å kutta skatten på næring i Fjell i kommunen sitt siste år. Eit vedtak kommunen tapar 4,9 millionar kroner på.

Sartorsjef Ernst Morten Einarsen hadde før møtet stilt spørsmål om eigen habilitet, men fekk fleirtal i salen for at han kunne delta i diskusjonen. Andre næringslivsleiarar i same situasjon hadde vald å senda vararepresentant i møtet.

Les: -Er eg habil?

Å fjerna eigedomsskatten vil i neste omgang koma andre næringsdrivande til gode, i form av redusert husleige, argumenterte varaordførar Tom Georg Indrevik (H).

Anita Garlid Johannessen (FrP) inntok talarstolen for å argumentera for å fjerna eigedomskatten heilt, noko partiet har programfesta, men fekk berre partiet sine eigne røyster.

Med slik raushet ovanfor dei rikaste, burde kommunestyret også hatt råd til å avsetja nokre kroner til dei mest vanskelegstilte, er det naturleg å tenkja, men neidå.

Som møtande vararepresentant for Venstre haldt eg innlegg for ei gruppe eg meinar også hadde fortent ei handstrekning i budsjettet. Her er innlegget:
Ordførar, kommunestyre
Dette er openbart dagen for å vera rause med oss sjølv, ifølgje representanten Jan Utkilen (SL).
Som prost Kopperud var inne på i talen sin, er det ikkje alle innbyggjarane i Fjell som har full kontroll over alle livets situasjonar. Det er heller ikkje alle som er så priviligerte at dei kan sitja i politiske fora og vera med å avgjera si eiga godtgjersle eller eigne skattar.

Fjell er ein av dei kommunane som ikkje reknar barnetrygd som inntekt, men som held barnetrygda utanom når sosialsatsane til barnefamiliar skal reknast ut. Det tenkjer eg er bra. Slik kan auken i barnetrygda verta eit handslag til dei mest vanskelegstilte barnefamiliane i kommunen.

Sosialhjelp er meint å skulla vera ei handstrekning til å sikra naudsynt livsopphald for dei mest vanskelegstilte. Kommunane står fritt til å fastsetja satsane.

Mitt ærend dreiar seg om utrekninga av sosialsatsane for einslege vaksne. Fjell kommune er ein av dei som har valt å halda ein sats som ligg under Staten sine anbefalte satsar. Sist eg sjekka, var det snakk om kring 200 kroner månaden for ein einsleg vaksen. Sosialtrygda for ein einsleg vaksen i Fjell utgjorde då kring 5.800 kroner månaden.

Desse 5.800 kronene er meint å skulla dekka mat og drikke, klede, sko, hushaldsartiklar, personleg hygiene, fjernsynslisens og telefon, fritidsaktivitetar og reise.

Ordførar, kommunestyre. Eg oppfordrar dykk: Tenk litt over dykkar eige budsjett. Kor langt ville de ha kome med 5.800 kroner månaden?

Alle samfunnsgrupper er ikkje like godt representerte i denne salen. No som vi er i ferd med å sikra dei rikaste i kommunen eit skattekutt på 4,9 millionar, bør vi ikkje også tenkja litt på dei som er aller verst stilt? Auka satsane for sosialtrygd i det minste til nivå med staten sine anbefalte satsar?

Med tanke på den føreståande kommunesamanslåinga, vil det vera eit positivt signal til dei mest vanskelegstilte om den mest folkerike kommunen alt no tilpassar sosialsatsane til nivået i Øygarden.

Advertisements

3 Comments

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.