ROS-analysen og Straumeplanen II

Kommunestyret i Fjell vedtok i går den felles ROS-analysen for Fjell, Sund og Øygarden.

Vil ytterlagare fortetting på Straume utgjera ein trussel mot folkehelsa? Arkivbilete: Statens Vegvesen.

Som møtande vararepresentant for Venstre var det for meg aktuelt å halda innlegg i debatten.

Les: Travel dag for «reserve-laget»

Ordførar, kommunestyre,
Det er positivt at vi no får ein ny, utvida og oppdatert analyse av kva risko og trusslar innbyggjarane i nye Øygarden kan verta utsette for i kvardagen.

Ein ROS-analyse skal vurdera risikoen for at uønska hendingar kan inntreffa, og kva konsekvensar slike hendingar kan få for helse, økonomi og tryggleik til innbyggjarane.

Ei samanlikning mellom dette dokumentet og kommuneROS-en for Fjell frå 2010 viser at langt fleire tema no vert vurdert som uønska hendingar. I denne siste ROS-analysen er det ikkje lenger berre snakk om naturkatastrofar. Ein del av trusslane er politisk bestemt, som datainnbrot.

Spørsmålet eg stiller meg, har denne siste analysen fått med alt?

Les: Kommentar: ROS-analysen og Straumeplanen

Når det gjeld analysar over risiko og trusslar mot innbyggjarane, er det bra å ha ei haldning om kontinuerleg forbetring.

I nye Øygarden pågår det for tida ein intens diskusjon om sentralisering og byvekstavtaler. Dette er politiske tema som etter mi meining fortenar å verta vurderte i ein risiko- og sårbarheitsanalyse.

ROS-analysen er utarbeida for å lukka eit avvik etter tilsyn frå fylkesmannen i Hordaland. Eit avvik som må lukkast før årsskiftet. Eg innser difor at forslaget mitt kjem i seinaste laget til å kunna påverka innhaldet i dokumentet.

Eg kunne likevel tenkt meg at kommuneadministrasjonen, eventuelt Fellesnemnda, alt no tek til å førebu ei sak om kva ei ytterlegare sentralisering i Straumeområdet vil kunna innebera for økonomien til innbyggjarane i distrikta i den nye kommunen.

Eit tema som har kome stadig meir i fokus siste åra er folkehelse. Eg kan difor samstundes tenkja meg å få belyst kva konsekvensar det kan få for folkehelsa til innbyggjarane i Straumeområdet å måtta bu på ein anleggsplass med støy, støv og høgt konfliktnivå i uoverskuleg framtid.

Kommuenstyret vedtok å senda forslaget over til Fellesnemnda.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.