Journalist varsla tysk overfall på Norge – fekk notis på side 6

Journalistar lever gjerne farleg for å kunna skriva om historiane som endra verda. Når det verkeleg gjeld er det likevel ikkje alle som tek bodskapen på alvor.

Langt frå alle nordmenn som budde i Tyskland i åra 1940 – 45 var overtydde nazistar. Fleire av dei hadde eit nettverk som gjorde at dei kunne jobba for motstandsrørsla si sak bak fienden sine linjer.

78 år etter Tyskland sin kapitulasjon i 1945 er historia om nordmenn og 2. verdskrigen framleis ikkje komplett. Den Berlin-busette journalisten Erle Marie Sørheim har skrive bok om nordmenn i det tredje riket, frå angrepet på Polen i 1939 og til dei allierte sin invasjon i Berlin nærare seks år seinare.

Hovudperson er Theo Findahl, Aftenposten sin korrespondent i Berlin under heile krigen. Den kronologisk oppbygde boka startar med at han tidleg i april 1940, via sikre kjelder, melder heim om at 40.000 tyske soldatar står oppmarsjerte langs kysten av Østersjøen, klare til reisa nordover.

Sjefredaktøren i Aftenposten er førebudd på nettopp ei slik nyhende. I redaksjonen vart saka likevel dyssa ned. Nyhendet som burde ha dominert førstesida vert i staden plassert som ein notis på side seks. Årsak: Redaktøren ønskjer ikkje skapa panikk i den norske befolkninga. To dagar seinare går tyske troppar i land i Bergen, Oslo og andre større norske byar. Eit angrep som kjem totalt overraskande både på den militære og den politiske leiinga i Norge.

Theo Findahl var langt frå einaste nordmannen busett i Tyskland under krigen. Dei politiske sympatiane varierte. Sørheim har konsentrert historia om nokre av dei som ytte eit bidrag til den norske motstandskampen, uansett kva politiske ståstad dei hadde før krigsutbrotet.

Lesarane forstår tidleg at heltar finst i alle kjønn og aldrar. Ikkje alle er menn, og ikkje alle har fine titlar. Mykje av boka er via ungjenta Wanda Hjort, seinare Heger. Slik får vi utfylt biletet av skjebnen til dei norske politiske fangane i det tyske riket og «Dei kvite bussane» som berga mange av dei heim frå krigsinfernoet i 1945.

Her er og spor til den hemmelege ingeniør-etterretningsorganisasjonen XU og utviklinga av hemmelege rakettvåpen i Peenemünde.

«Til Berlin faller» er ei bok vel verd å få med seg for dei som tenkjer at norsk krigshistorie ikkje var klar for arkiva då freden kom.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.