Til han som har alt

Budsjettdebatten i Fjell handla i år vel så mykje om makt som om økonomi.

Sartorsjef og KDF-leiar Ernst Morten Einarsen fekk julegåva han ønska seg under budsjettdebatten i Fjell.

Dette året verkar det som om dei på rådhuset har strekt seg langt for å tilfredstilla julegåveønskjet til han som har alt.

Sartorsjef Ernst Morten Einarsen peikar seg ut som næringslivsleiar. Han finn det samstundes økonomisk formålsteneleg også å ha ansvar for kommunen sitt budsjett og pengebruk. Og til ein person med privatøkonomi romsleg nok til å sprada rundt i skreddarsydde dressar til kvardags, monnar det liksom ikkje med enno eit slips i julegåve.

Einarsen sine dobbeltroller har skapt mykje støy, og med rette. Denne gongen ville han koma diskusjonen i forkjøpet.

Les: -Er eg habil?

Spørsmålet om habilitet dukkar opp med jamne mellomrom i politiske fora i Fjell. ”Alle” snakkar om det, men Forvaltningslova har ikkje vorte tolka likt for alle opp gjennom åra.

Les: Alle er like for Forvaltningslova

Den politiske handteringa av temaet har diverre vore eigna til å svekka innbyggjarane sin tillit til dei folkevalde.

Forvaltningslova §6 listar ei rekkje vilkår om kven som kan og kven som ikkje kan førebu saker og treffa avgjerder på vegne av det offentlege. I grove trekk vil dei som sit i leiinga for eit selskap som saka omfattar, eller som kan dra fordel eller ulempe av ei avgjerd, vera inhabile.

Kommuneadvokaten kom i forkant av møtet med ei utgreiing om Ernst Einarsen sin habilitet. Som alltid når det dreier seg om jus, er det mogeleg å argumentera både for og mot. I dette tilfellet bygde kommuneadvokaten sin argumentasjon ikkje på bestemmelsane i sjølve Forvaltningslova, men på diskusjonen om tolkinga av lova.

Eg les utgreiinga til kommuneadvokaten som eit reint forsvarsskriv for at Ernst Einarsen skulle kunna delta i budsjettdebatten.

Etter mitt skjønn hadde vi i kommunestyret ein situasjon der lova sin intensjon er klar, men der tolkinga var eigna til å tåkeleggja.

Slik eg oppfattar det, og slik Ernst Einarsen sjølv kom inn på i spørsmålet sitt om habilitet, har han direkte økonomisk interesse av at næringseigedom ikkje skal inngå når eigedomsskatten i Fjell skal reknast ut.

Eg stemte for at Einarsen var ugild til å delta i budsjettdebatten. Men partipisken vann. Det politiske fleirtalet kjøpte kommuneadvokaten sin argumentasjon. Ein av dei rikaste næringslivsleiarane i Fjell kunne dermed vera med på å stemma for eit forslag han sjølv og dei verksemdene han kontrollerer vil spara over ein million kroner på.

Høgre fekk fleirtal for forslaget om å sløyfa eigedomsskatt på næring i Fjell siste året som sjølvstendig kommune. Vedtaket kostar kommunen 4,9 millionar i tapt inntekt.

Les: Kuttar skatten til dei rikaste – ingenting til dei mest vanskelegstilte

Vedtaket dreier seg om meir enn tolking av lovparagrafar. Dette handlar til sjuande og sist om tillit til systemet. For at innbyggjarane skulle oppfatta samfunnet som rettferdig, vedtok Eidsvollforsamlinga å dela makta i ei regulerande, ei utøvande og ei dømande makt.

Skal dei folkevalde i Fjell behalda innbyggjarane sin tillit, kan vi ikkje tillata at dei som burde ha vore regulert, også får lov til å vera dei som regulerer.

Mykje av det som skjer i Fjell har nasjonal relevans. Sartorsjefen og kommuneadvokaten har tidlegare uttrykt ambisjonar om å villa endra på habilitetsparagrafen i Forvaltningslova. Ei lovendring som eventuelt ligg fleire år fram i tid.

Les: Kommuneadvokaten vil endra Forvaltningslova

Med hjelp frå rådhuset klarte Einarsen å få politisk aksept for dobbeltroller som i dei fleste andre kommunar ville ha vore utenkjeleg.

Litt av ei julegåve til han som har alt.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.