Kristoffer Trellevik (27) frå Sund trakk vinnarloddet i konkurranse med eit 100-tals andre unge fiskarar om rekrutteringskvoter for ungdom som vil satsa på yrket.

Som ein av ti utvalde fekk han tildelt gratis kvote på 57 tonn torsk, sei og hyse. Ein kvote profesjonelle fiskarar ville ha måtta betala dyrt for.
Den unge fiskaren frå Sund har fagbrev frå Fiskarfagskulen i Austevoll. Han har i tillegg sertifikat som skippar, og er akkurat i målgruppa som Nærings- og fiskeridepartementet håpar å nå med ordninga om rekrutteringskvotar.