Portvaktarane sin historie

Med «Hva visste hjemmefronten» har Marte Michelet skrive portvaktarane sin historie.

Journalisten Marte Michelet har skrive ei avslørande bok om kva som faktisk hende og korleis vinnarane formar historia.

Journalisten Marte Michelet fekk mykje merksemd og positive tilbakemeldingar på den førre boka si, «Den største forbrytelsen», om jødane sin tragiske skjebne i Norge under andre verdskrigen.

Les: Frigjeringsjubileet – den største forbrytelsen

Heilt i innspurten av arbeidet fekk Michelet tilfeldigvis kjennskap til at den kjende motstandsmannen Gunnar Sønsteby i eit intervju med krigshistorikaren Ragnar Ulstein fortalte at han hadde fått kjennskap til den føreståande deportasjonen av norske jødar tre månadar før han faktiske skjedde.

Informasjonen passa ikkje inn med det Michelet hadde fått vita så langt. Kom deportasjonane hausten 1942 likevel ikkje som lyn frå klår himmel, slik heimefronten gjennom heile etterkrigstida har hevda?

I «Hva visste hjemmefronten – Holocaust i Norge; varslene, unnvikelsene, hemmeligholdet», utforskar Michelet spørsmålet om kva leiinga i den norske heimefronten på førehand visste om tyskarane sine planar om masseutrydding av jødar under andre verdskrigen.

Kva visste dei? Når fekk dei kjennskap til det? Og kva gjorde dei med informasjonen dei fekk? Spør Michelet. For å finna svaret har ho gjennomgått sentrale arkiv både i Norge, i Tyskland og i Storbritannia. Den offisielle informasjonen har ho fletta saman med klipp frå private dagbøker.

Resultatet har blitt ei medrivande historie om sentrale aktørar og som framstår som godt underbygd.

Radiosendingane frå London, saman med illegale aviser med informasjon frå heimefronten, var kritiske i formidlinga av informasjon til norske innbyggjarar i krigsåra. Hadde desse kjeldene vore meir opne om den informasjonen dei sat på, og vore tydelegare i åtvaringane sine, ville langt fleire jødar ha blitt åtvara og kunna berga seg til Sverige, hevdar Michelet.

Men boka handlar ikkje berre om informasjonsspreiing. Michelet årsaksforklarar omfanget av tragedien med bakanforliggjande haldningar. Den tyske okkupasjonen og Quisling sitt statskupp i april 1940, endra det politiske landskapet i Norge på mange måtar. Personar som tidlegare hadde vore framståande talsmenn for nasjonalsosialistane sine teoriar om rasehygiene var no plutseleg blitt sentrale i motstandsrørsla.

For leiinga i heimefronten var omsynet til norske sivilistar dessutan underordna omsynet til motstandskampen. Det militære apparatet fekk ikkje setjast i fåre i utide, og jødane stod aller nederst på prioriteringslista, hevdar Michelet. Ei haldning som fekk konsekvensar ikkje berre for spreiinga av kritisk informasjon, men også for kva tiltak motstandsrørsla kunne, men lot vera å setja i verk då det faktiske gjaldt.

773 norske jødar mista livet i Holocaust. Om lag like mange overlevde krigen. Undervegs nyanserer Michelet biletet. Ho får tydeleg fram at ikkje alle fraksjonane av den norske motstandsrørsla tenkte og handla likt.

«Portvakt» er ei sentralt omgrep innan medieteori. Ordet definerer dei som veit, og som er i posisjon til å avgjera om informasjonen skal delast, og i tilfelle med kven, og korleis bodskapen i så fall skal vinklast.

Med «Hva visste hjemmefronten» har Michelet skrive portvaktarane sin historie. Ei ganske anna og langt mindre heroisk forteljing ann den heimefronten har brukt tiåra etter krigen på å byggja opp.

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.