Fylkesordføraren sitt nyttårsmøte: -Vi skal visa dei!

Etableringa av nye Vestland fylke er eit signal til makthavarane i Oslo om at vi ønskjer å ta makta tilbake.

«Styrke i samspel» var tema for fylkesordførar Anne Gine Hestetun sitt tradisjonelle nyttårsmøte i dag.

Ein havregion langs Vestlandskysten vil kunna bidra til å oppretthalda maktbalansen ovanfor Oslo, hevdar regionleiar i PwC Vest.

-Vestland må skapa ein maktbalanse ovanfor Oslo. Vi må ta makta tilbake, hevda Geir Inge Lunde, regionleiar for PwC, framfor dei meir enn 300 møtedeltakarane.

Vestland har alt
Reknar vi havområda med, er Norge verdas 10. største land, ifølgje PwC-leiaren.

-Vestland har alt. La oss saman skapa verdas havregion, oppfordra Lunde.

Lytta: Bodskapen om eit sterkt Vestland laud som musikk i øyrene til fylkesordførar Anne Gine Hestetun (A) og partikollega, Idrettspresident Tom Tvedt.

Ved å satsa tverrfagleg i staden for sektorbasert, håpar PwC-leiaren at Vestland kan framstå som så interessant for nyutdanna, gründarar og næringsliv at fylket kan demma opp for ein gryande urbaniseringsprosess der folk flyttar frå dagens tettstadar til eit skandinavisk makttriangel beståande av Oslo, Gøteborg og København med åtte millionar innbyggjarar.

Les: Vinnaren tek alt

Vestland fase 2.0?
Siste året som sjølvstendig fylke var det ikkje berre Hordland som gjaldt på fylkesordføraren sitt nyttårsmøte, men og Sogn og Fjordane. Dessutan var Møre og Romsdal og Rogaland og synleg representert, som ei påminning om at det kan koma eit Vestland fase 2.0 der eitt eller begge nabofylka kjem med:

– Sidan regjeringa først valde å ta i bruk tvang, i samanslåinga av Finnmark og Troms, og Viken og Akershus, Buskerud og Vestfold, er det underleg at dei ikkje samstundes valde å slå saman Hordaland og Rogaland, men det er vel noko spesielt med heimefylket, seier ordførar Marianne Sandahl Bjorøy i Fjell.

Ho understrekar at det var Rogaland som valde å stå utanfor i prosessen.

Tilstade i vrimmelen var og ordførarane i Sund og Øygarden.
– Vi har valt rett. Nye Øygarden vert nest største kommunen i det nye fylket, konstaterer ein tilfreds Børge Haugetun i Øygarden.

Men såpass mange innbyggjarar vert det einklare å effektivisera tenestene og få gjort dei oppgåvene kommunen er pålagt, sjølv om talet på pensjonistar aukar. Det vert verre for småkommunane i utkantane å leva opp til innbyggjarane sine forventningar, trur Øygards-ordføraren.

Tang og tare er ein glimrande smaksforsterkar i sjokolade og dessertar, forsikrar fv. Børge Haugetun, Marianne Sandahl Bjorøy, Kari-Anne Landro og Siri Fahlvik Pettersen. Th. gründarane Runar og Robert Trellevik.

Kva vi kan bidra med
– Vi må sjå kva vi kan bidra med inn i storfylket, seier naboen i sør, ordførar Kari-Anne Landro i Sund.

Landro gleda seg storleg over sjå at Tekslo Seafood AS frå Tofterøy var ein av dei ti utvalde lokale matprodusentane som fekk tilby smaksprøvar til det kresne publikummet på fylkesordføraren sitt nyttårsmøte.

Les: Kommentar: Når bøndene tek VM-gull

– Å vera tilstade her i dag er uvurderleg for oss, smiler Robert Trellevik i Tekslo Seafood AS medan han forklarar fylkespolitikarar og toppbyråkratar korleis tang og tare fungerer som smaksforsterkar i sjokolade og dessertar.

Øygardsordføraren har skjønt det forlengst. Han har alt marknadsført det lokale krydderet til Frankrike, Tyrkia og Senegal.

Spela kvarandre gode
Når det nye fylket skal byggjast gjeld det å spela kvarandre gode, tenkjer fylkesordføraren. Idrettspresident Tom Tvedt og Yngve Hallèn frå Sogndal Fotball var henta inn for å framheva betydinga av å nytta breiddeidretten sine erfaringar i prosessen.

Nestleiar Hadia Tajik i Arbeiderpartiet snakka om mangfald:
– Mangfald kan vera slitsamt. Ikkje alle trekkjer i same retninga. Likhet er lettare, men det er ikkje sikkert det er det som tek oss framover. Om vi skal løysa problem treng vi ulike folk. Då er mangfald best, hevda Tajik.

Advertisements

1 Comment

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s

This site uses Akismet to reduce spam. Learn how your comment data is processed.